Hopp til hovedinnhold


Ambulansar og atomvåpen

Norske ambulansefly skal frå neste år drivast av eit selskap som er snublande nær å bli svartelista av oljefondet. I mellomtida står tenesta i fare for å kollapse, står det i en kommentar i Bergens Tidende.
Her er eit utenkjeleg scenario: Ambulansekøyringa i Bergen blir lagt ut på anbod, med oppstart i 2019. Det internasjonale transportelskapet Uber vinn anbodet, men vil ikkje love jobb til dagens ambulansearbeidarar.
Desse sluttar så i hopetal for å bli taxisjåførar, ettersom heller ikkje Helse Bergen har jobb til dei lenger enn ut året. Tilbake står ein ribba og ustabil ambulanseflåte som ikkje går dit den skal, når den skal.
Dette er grovt fortalt situasjonen med ambulanseflya i Norge akkurat no. Legar frå både sjukehus og distrikt ropar varsku, og helseministeren vurderer å be Forsvaret om hjelp.
Dei fleste nordmenns forhold til luftambulansen er truleg både abstrakt og samtidig djupt personleg. På den eine sida har dei færraste sett eit ambulansefly eller -helikopter på nært hald, men samtidig ligg dei i alltid bakgrunnen og gir oss tryggleik.
Særleg i Nord-Noreg er flya viktige. I Finnmark er det to sjukehus. Det tek lengre tid å køyre mellom dei enn det tek å køyre frå Oslo til Bergen. Men for oppdrag som å få alvorleg brannskadde frå heile landet til spesialavdelinga på Haukeland, er flya òg heilt sentrale.
Dette sikkerheitsnettet har no altså vore ute på anbod. Selskapet som skal drifte ambulanseflya i Norge frå neste år heiter Babcock International.
Babcock er eit av dei største militærselskapa i verda. Dei er eit av tre selskap som skal stå for utviklinga av Storbritannia sine nye atomubåtar. Den einaste funksjonen desse ubåtane har, er å kunne skyte ut atomrakettar. Andre selskap er blitt stengt ute av oljefondet på grunn av for nære band til slike aktivitetar.
Babcock har òg omfattande militær verksemd i mellom anna Oman og Kuwait, og ikkje minst Israel. Til neste år kjem dei til Norge. Anbodsprosessen har vore kontroversiell og tydeleg uønskt frå medisinfagleg hald.
Selskapet Lufttransport FW har hatt flyjobben i 27 år. Dei har bygd opp eit stort miljø i Tromsø og på andre basar, med flygarar og teknikarar. Det er dette som no rasar saman og som gjer det vanskeleg å halde beredskapen oppe. Babcock flyttar vedlikehaldsbasen til Sverige.
Pilotane har huslån, billån, barn som går på SFO og i tillegg ei dyr utdanning. Å tru at dei vil sitje på gjerdet og vente lydig til neste år for å sjå om dei kan få ny jobb med lågare lønn i Babcock, er i beste fall naivt.
Babcock skal ha tilbode pilotane opptil 25 prosent lågare lønn. Dei har kome med ekstremt bekymringsverdige forslag som å gje titals tusen kroner i bonus til pilotar utan sjukefråvær.
Er det éi gruppe du ikkje har lyst at skal pressa seg på jobb av økonomiske årsaker når dei føler seg dårlege, er det pilotar. Av dei fire finalistane i anbodet var Babcock rangert lågast på kvalitet, men best på pris. Sjukefråvær er som kjent dyrt.
Prosessen har òg blitt ramma av uheldige skuldingar om inhabilitet. Marianne Telle er styreleiar i Helse Nord. Ho er òg administrerande direktør i eit selskap som no skal hjelpe Babcock med rekrutteringa i Norge. Ho var i tillegg forlovar til Babcocks prosjektleiar i saka, Hilde Sjurelv, som igjen er gift med forsvarsministeren.
Ingenting ulovleg har skjedd. Men det heile er dessverre lett å framstille som at ein sjukehustopp har gitt ein gullkanta kontrakt til arbeidsgjevaren til ei nær venninne, og fått tilbakebetaling gjennom lukrative konsulentoppdrag for sitt private selskap.
Likevel har ingen faktisk blitt vurdert som inhabile. Grunnen? Anbodet er utført av helseføretaket Sykehusinnkjøp, på vegner av helseføretaket Luftambulansetjenesten, som igjen er eigd av dei regionale helseføretaka. Alle som ikkje er morbid interessert i organisering av helsesektoren har for lengst ramla av.
Les hele kommentaren hos Bergens Tidende

Tidligere:

Krever gransking av luftambulansetjenesten i nord: – Dette er rasering av den grunnleggende tryggheten
Den nye flyambulansen skåret dårligst på kvalitet, men vant på pris
Sjefen for ambulanseflyene – tjenesten kommer til å bryte sammen
Setter inn svensk ambulansefly uten norskautorisert helsepersonell
Flygere slo alarm, men ble ikke hørt – dette er ren statlig sosial dumping
Ambulanseflyene står, men ingen sier fra
Ambulanseflykrisen – krever handling fra helseministeren
Luftambulansetjenesten HF i pressemelding: Ser alvorlig på ambulanseflyberedskapen
Pressemelding fra Flygerforbundet: Helseforetaket med ansvar for luftambulansetjenesten setter liv og helse på spill 
Altaposten på lederplass: – Det er sjokkerende at kritisk infrastruktur uteblir
Les også: Leide inn ambulansejet fra Sverige
Og: Ambulanseflyene tilbake i full beredskap