Aktuelt

Illustrasjonsbilde. Fra akutthjelperkurs i regi av SNLA.

Ny nasjonal veileder for akutthjelperordningen

Ein ny rettleiar gir kommunar og helseføretak eit verktøy for å styrke beredskapen ved å lage gode avtalar med organisasjonane til akutthjelparane.

Publisert Sist oppdatert

– Rettleiaren skal bidra til betre struktur og kvalitet på akutthjelpartenesta, som har vore eit livreddande tiltak i snart 15 år, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Helen Brandstorp.

Akutthjelparar er personar utanfor helsetenesta som har gått gjennom særskild opplæring, slik at dei kan bidra med førstehjelp for å redde liv eller redusere risiko for skade fram til helsepersonell kan starte helsehjelpa.

Dei fleste akutthjelparar er personell i kommunale brann- og redningsvesen eller medlemmar av frivillige organisasjonar.

AMK-sentralen varslar medlemmar av frivillige organisasjonar direkte. Personell frå brann- og redningsvesen blir kalla ut via 110-sentralen. Utkallinga er aktuell når dei kan kome fram før helsepersonell, og det står om tid. Dette er særleg aktuelt utanfor tettbygde strøk.

Akutthjelparar kan kallast ut ved hjartestans, nedsett medvit eller medvitsløyse, stor ytre bløding eller når det oppstår fare for generell nedkjøling.

Per i dag er det ikkje gode tal over kor mange gonger dei rundt 7500 akutthjelparane blir kalla ut men vi veit at innsatsen frå akutthjelparar og frivillige reddar liv:

Tal frå hjartestansregisteret for i fjor viser at 28 pasientar blei gjenoppliva før helsepersonell kom til. I tillegg hadde akutthjelparar kopla 333 hjartestanspasientar til hjartestartar før helsepersonell kom fram til pasienten. Tilsvarande hadde publikum kopla til 230 pasientar til hjartestartar.

Tydelegare om organisering og ansvar

Tidlegare har det oppstått uvisse rundt erstatningsansvaret til akutthjelparane dersom ein pasient blir skadd under oppdraget.

Helsedirektoratet har derfor utarbeidd ein nasjonal rettleiar for akutthjelparar.

I rettleiaren går det fram at det er helsetenesta som kan bli halde ansvarleg for eventuelle pasientskadar, og ikkje den einskilde akutthjelpar.

I tillegg har føremålet vore å gjere oppgåver og ansvar tydelegare og i tillegg gje forslag til avtalar og retningsliner.

Rettleiaren skal hjelpa kommunane og spesialisthelsetenesta til å organisere ordninga, mellom anna ved å skildre kva rolle og ansvar akutthjelparane har.

– Den raske innsatsen deira har ved fleire høve vist at liv har blitt redda. Det er viktig at dei som er nærast pasienten kan starte med livreddande førstehjelp omgåande, fram til akuttmedisinsk personell frå kommunen og helseføretak kjem fram til pasienten, uttaler Brandstorp.

Viktig del av beredskapen

Akutthjelparordninga er ein viktig del av den samla akuttmedisinske beredskapen, der det er inngått akutthjelparavtalar.

Kommunane kan legge oppgåver til brann- og redningsvesenet så lenge desse ikkje svekker gjennomføringa av dei lovpålagde oppgåvene i kommunen knytt til brannberedskapen.

Deltaking i akutthjelparordninga er ei slik tilleggsoppgåve som kjem i tillegg til, men ikkje i staden for, den akuttmedisinske beredskapen.

For at akutthjelparar skal kallast ut, må brann- og redningsvesenet og frivillige organisasjonar ha inngått avtale om akutthjelparoppdrag med kommunen og det helseføretaket som dekker det aktuelle området.

Rettleiaren set rammer for ordninga med retningsliner, forslag til prosedyrar og skildring av korleis ordninga skal vere organisert.

– Helseføretaka og kommunane må inngå dei nødvendige avtalane med brann- og redningsvesena slik at rammene for akutthjelparordninga kjem på plass, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Les heile rettleiaren på nettsidene til Helsedirektoratet.

Powered by Labrador CMS