Hopp til hovedinnhold
Hjerte- lungeredning. Ikke over 120 kompresjoner i minuttet og seks centimenter dybde, takk. Illustrasjonsfoto: Thinkstock
Hjerte- lungeredning. Ikke over 120 kompresjoner i minuttet og seks centimenter dybde, takk. Illustrasjonsfoto: Thinkstock


Halvparten av norske bedrifter manglar hjartestartar

Ein hjartestartar på jobb bidrog til å berga livet til Kenneth Asheim (55). Men halvparten av bedriftene manglar livreddaren, viser ny kartlegging.

– Det kom som lyn frå klar himmel. Eg kjente ingenting og fekk ingen forvarsel. Etterpå var det som å vakna frå ein draum. Eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd, seier Kenneth Aasheim til NRK.

Han var ein godt trent mann på 54 år då han brått fekk hjartestans på jobben hos energiselskapet Lyse i Stavanger i fjor sommar.

Men Ålgård-mannen var heldig. På arbeidsplassen var det ein hjartestartar like ved. Og ikkje minst kollegaer som kunne bruka den.

– Det redda livet mitt. Derfor er det viktig for meg at fleire skaffar seg hjartestartarar. Ingen veit kva tid uhellet skjer, seier 55-åringen.

Dobla sal av hjartestartarar

Det er den uventa hjartestansen til Christian Eriksen i fotball-EM i sommar ein sterk påminning om. Ein hjartestartar var med på å redda livet til den danske landslagstjerna.

I ettertid har Røde Kors opplevd ei kraftig auke, både i sal av nye hjartestartarar og sal av batteri og elektrodar. Altså utstyr som må skiftast ut etter ei viss tid.

Frå Eriksen fall om 12. juni til 11. august, har Røde Kors meir enn dobla salet av hjartestartarar. Frå 208 i denne perioden i fjor til 433 i år.

Røde Kors er den desidert største leverandøren av slikt livreddande utstyr i landet.

– Eg trur folk er blitt flinkare til å tenka beredskap etter pandemien. Me har forstått at me har ein veg å gå. I tillegg fekk folk seg ein vekkar med Eriksen i beste sendetid på TV, seier avdelingssjef i Røde Kors Førstehjelp, Rune Byre.

Halvparten av bedriftene har ikkje

I fjor blei det registrert 4213 hjartestans utanfor sjukehus i Norge, viser tal frå Norsk hjertestansregister.

Ifølge Europeisk Gjenopplivingsråd (ERC) er sjansen for å overleva hjartestans opptil 70 prosent om ein hjartestartar er på plass innan tre til fem minutt.

– For å redda liv må hjartestartaren bli tatt i bruk raskt etter hjartestansen. Me reknar 10–15 prosent reduksjon i sjansen for å overleva for kvart minutt som går frå hjartestansen skjer til den første støyten blir gitt, seier Byre.

Men på landsbasis manglar framleis halvparten av medlemsbedriftene til NHO hjartestartar. De viser ei undersøking der nesten 2200 bedrifter deltok i juli.

46 prosent av bedriftene svarte ja på spørsmålet om dei har hjartestartar.

Rogaland på topp

Flest bedrifter i nettopp Rogaland svarer at dei har hjartestartar, 57 prosent av dei spurte i undersøkinga.

– Dette kan ha mange forklaringar, blant anna olje- og gassbransjen i Rogaland som har eit godt HMS-arbeid, seier Grindland.

Alle dei 23 spurte oljeselskapa i undersøkinga svarte at dei har hjartestartar.

Men det hjelper som kjent ikkje med flott utstyr om ein ikkje kan med det. Røde Kors tilrår derfor opplæring.

– I tillegg skal du ringa 113 som også hjelper deg. Kvaliteten på hjarte- og lungeredninga er også viktig for at bruken av hjartestartaren skal få eit godt utfall, seier Byre.

I 2017 blei det lansert eit nasjonalt hjartestartarregister (ekstern lenke). Her blir ein oppmoda til å registrera alle hjartestartarar.