Hopp til hovedinnhold
Hjerte- lungeredning. Ikke over 120 kompresjoner i minuttet og seks centimenter dybde, takk. Illustrasjonsfoto: Thinkstock
Hjerte- lungeredning. Ikke over 120 kompresjoner i minuttet og seks centimenter dybde, takk. Illustrasjonsfoto: Thinkstock


Dei fleste hjartestartarar er «usynlege» for AMK

Det kan vere så mange som 60.000 hjertestartarar i Noreg, men ingen har oversikt over kor dei er.

– Det nyttar ikkje at det står hjertestartarar rundt omkring om ingen veit kor dei er, seier Jon Olav Kvamme til NRK Vestland.

Han er bonde i den lange, smale Oldedalen – førti minutt frå kommunesenteret Stryn.

Om sommaren kryr det av turistar her, og om ulukka er ute er vegen lang og kronglete for ambulansetenesta.

Då er det i staden Kvamme som kjem ilande til, som del av eit lokalt akutt-team av frivillige.

I 2019 vart 34 personar gjenoppliva ved hjelp av hjertestartar – før ambulansen kom fram.

Ifølge Europeisk Gjenopplivingsråd (ERC) er sjansen for å overleve hjartestans opptil 70 prosent om ein hjertestartar er på plass innan tre til fem minutt.

Kvart år vert 3000–4000 menneske ramma av uventa og plutseleg hjartestans utanfor sjukehus i Noreg.

Hjartestartaren til akutt-teamet i Oldedalen ligg i det offentlege registeret for hjartestartarar. Men det er det berre dei færraste som gjer.

I røynda kan det vere ti gongar så mange som dei 6200 hjartestartarane som er registrerte.

Hjertestartaren vert hengande på veggen

– Vi trur at det i alle fall er 60.000 hjartestartarar der ute, seier Siw Lilly Osmundsen i Nakos som drifter registeret.

Det offentlege registeret vart lansert 3. april 2017 av helseminister Bent Høie, men er fullt av «hol».

Osmundsen trur forklaringa er at mange ikkje har høyrt om registeret, og dels at mange trur «jobben er gjort» i det augneblinken dei skaffar ein hjartestartar.

– Å ha ein hjartestartar krev ein porsjon idealisme og at du tek deg sjølv i nakken, seier ho.

Ho oppmodar folk til å spreie ordet og vere «medvitne eigarar» av hjartestartarar.

– Sjå til at han har det bra, og gi beskjed til registeret. To gongar i året.