Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Frykter dårligere tilbud i Bremanger dersom ambulansen forsvinner

Sandra er redd for å miste ambulansen: – Det var grufullt å føde i høge bølgjer.

Sandra Grotle fødde yngstesonen om bord i båt i høge bølgjer. No fryktar ho at innbyggjarane i ytre Bremanger skal miste ambulansebilen, skriv NRK.

– Då eg såg bølgjene nekta eg først å gå om bord i båten. Eg tenkte ikkje over kor vondt eg hadde det, fortel Sandra Grotle.

Fembarnsmora i Bremanger kommune er uroa over at dei kan miste dagens tilbod med ein fullverdig ambulansebil, stasjonert i ytre delar av kommunen.

Erstatninga kjem i form av ein ambulansebåt som skal rykke ut frå Florø. Ein bil på land skal ta turen vidare fram til pasienten.

Måtte haldast fast i senga

Sjølv nådde ho ikkje fram til sjukehuset då ho fødde yngstesonen Aleksander i 2007. Han kom til verda på båtturen på veg til Florø.

Men for ei kvinne som lett vert sjøsjuk, og som heller ikkje er van med å ferdast på sjøen når det er bølgjer, var skrekken for båtturen større enn smertene.

– Båten bevega seg mykje og eg vart dårlegare og dårlegare. Mannen min måtte prøve å halde meg fast i senga då fødselen starta nokre få minuttar etter at vi la frå kai, fortel ho.

Kjenner seg utrygge

Innbyggarane i ytre Bremanger er ikkje aleine om uroa for ambulanstilbodet. I Steigen i Nordland sa fleire ambulansearbeidarar opp etter å ha blitt tvinga tilbake til heimevaktordninga. Men no har Nordlandssykehuset snudd.

I Helse Førde er den prehospitale planen, som Bremanger-forslaget er ein del av, på høyring. Åse Vadøy Hauge i pensjonistlaget i Bremanger meiner løysinga er dårleg nytt for ytre Bremanger.

– Vi føler oss utrygge med dette forslaget, seier Hauge.

Då ytre Bremanger fekk fastlandssamband i 2013 trudde ho tida for å reise sjøvegen til sjukehus, var over.

Vi har reist over Frøysjøen med mange ting; sprokken blindtarm, brotne armar og å følge folk til føden som så vidt nådde fram. Dette må vi vere ferdige med.

– Frøysjøen kan vere still, men kan èg vere stormande. Ein kan seie båten er bra, men båten skal over Frøysjøen uansett, seier Hauge.

Vil ha både bil og båt

Mannen hennar, John-Reidar Grotle er fiskar og van med uroleg sjø, men han har stor forståing for at kona var redd og opplevde situasjonen som dramatisk.

– Eg måtte jo halde ho fast så ho ikkje skulle ramle ut av køya. Frøysjøen er jo eit ope havstykke der sjøen kan vere svært uroleg. Det er jo ikkje alle dagar det er tilrådelege å krysse denne strekninga.

Helst vil ekteparet ha både ambulansebil og ambulansebåt for at dei skal kjenne seg trygge nok. Styggevêr som hindrar luftambulansen eller ras som stengjer vegane, meiner dei krev ekstra beredskap.

Helse Førde: – Eit godt tilbod

Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde viser til at det har vore sett på ulike løysingar før forslaget om ambulansebåt kom på bordet.

Ambulansebåten vil i tillegg til båtpersonell, der éin har medisinsk kompetanse, ha ein ambulansearbeidar om bord. Ein ambulansebil skal stå klar på land.

– Det at vi har fått styrkt ressursen knytt til båten gjer at vi meiner dette vil gi eit godt og adekvat tilbod i ytre Bremanger, seier Varden.

Han seier dagens ambulanse som er stasjonert i Kalvåg gjerne er vekke i mange timar når den får i oppdrag å frakte pasientar til sjukehus i Førde.

– Med denne løysinga vil vi dekke døgnberedskapen betre enn med ambulansen vi har.