Hopp til hovedinnhold
Ambulanse i fart. Foto: Anders Gundersen


Berre 13 kommunar klarte kravet om responstid

Frå å vere tilrådingar, blir krav om responstid no lovfesta i ambulansetenesta.

– Dette har vi jobba for i mange år, seier Ambulanseforbundet i Delta til NRK Vestland.

Responstid er tida det tek frå du ringer 113 til hjelpa er på plass. I dag er det tilrådde responstider – 25 minutt i utkantstrøk og 12 minutt i tettbygde strøk.

Stortinget har vedteke lovfesting, men ikkje fastsett kva responstidene skal vere framover. Det må fastsettast ut frå faglege retningslinjer, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

– Kva må til i praksis for at ein skal greie å halde fastsette responstider?

– Det må ein greie ut, men det er ingen tvil om at ein må styrke ambulansetenesta og budsjetta for å få det til, seier Toppe.

– Det har vore målsettingar om dette sidan 2000, men helseføretaka har ikkje greidd å oppnå dette i kommunane. Lovfesting er viktig fordi det gir eit heilt anna krav om at dette skal ein oppnå, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Vedtaket er særleg viktig for utkantkommunar med lang veg til andre akuttenester, meiner Toppe.

Frida Melvær er stortingsrepresentant for Høgre, som stemte imot forslaget.

– Det er krevjande å stille krav om responstid i forskrift med det busetjingsmønsteret og den geografien Noreg har, seier Melvær.

Ho viser til at Akuttutvalet som den raudgrøne regjeringa sette ned tilrådde ikkje å forskriftsfeste responstid. I staden har regjeringa følgt opp det akuttutvalet tilrådde – ein nasjonal kvalitetsindikator for responstid, legg ho til.

– Dei økonomiske og administrative konsekvensane av vedtaket er ikkje greidd ut, og det er heller ikkje synleggjort i innstillinga eller i merknadane korleis dette er tenkt finansiert, påpeiker Melvær.

Få kommunar greidde kravet

– Dette er noko vi har kjempa for i mange år. Det gjer at folk skal kjenne seg trygge på å få ambulanse innan ei viss tid, og at dei som kjem har lik kompetanse, seier Ola Yttre, leiar i Ambulanseforbundet Delta.

Forbundet har i to rundar besøkt 130 kommunar ulike stader i landet. Berre 13–14 av desse greidde tilrådingane om responstid, fortel han.

– Det er langt frå bra nok, seier Yttre.