Medieklipp

Hjemmevakt i Finnmark. Bildet er tatt fra en annen sak.

Ambulansearbeiderar åtvara: – Det er diskriminering av folk og tilsette

Ambulansearbeidarar i Finnmark åtvara mot den utstrakte bruken av heimevakter for ambulansetjenesten i fylket. Finnmarkssykehuset seier dei er nøgde med dagens ordning.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit dårlegare tilbod til Finnmarks befolkning, enn det som ein finn i resten av landet.

Det seier medlem i Ambulanseforbundet og ambulansearbeidar i Hammerfest kommune, Jon Are Aslaksen i eit intervju til TV2.

Han er ein av fleire ambulansearbeidarar som åtvara mot den utstrakte bruken av heimevakter i gamle Finnmark fylke.

Fryktar for tilbodet

Når ein ambulanse er sett til heimevakt, vil det seie at personellet ikkje er til stades på stasjonen, men har vakt frå sin eigen heim.

Fleire kommuner brukar stasjon på dagtid, men at ein på ettermiddag, kveld og i helgar har personell i beredskap heimanfrå.

Ved behov for utrykning, må ambulansearbeidaren køyre for å først hente bilen, so kanskje hente partner før ein reiser vidare til utrykningsstaden.

I Finnmark er det ikkje uvanleg at ambulansar er kombinert i aktiv og passiv bil. Det vil seie at ambulansepersonellet er nokre timar på stasjonen med tilstadevakt og nokre timar heime.

– Det betyr jo rett og slett at ambulanseberedskapen produserast gjennom dei tilsettes bustad, seier Aslaksen.

– Dette gjer at ein må køyre heimanfrå, inn til stasjonen og hente bilen der før ein kan rykke. Ein unødig omveg.

Totalt finst det 30 ambulanser som dekker dei 18 kommunane i tidlegare Finnmark fylke. Berre tre av desse bilane er på konstant tilstadevakt. Resten rullerar mellom å vere på stasjon og vidare på heimevakt.

Tal frå Ambulanseforbundet syner at ein ambulanse på heimevakt brukar i snitt 10 til 15 minutt meir når dei rykker ut.

– Vi er blitt gløymde

Dette meiner den rutinerte ambulansearbeidaren er med på å svekke tilbodet til innbyggarane.

Han innrømmer at det pregar dei som arbeider med dette til dagen.

– Vi føler ikkje vi får gjort jobben vår hundre prosent. Vi har utdannelsen og kompetansen som trengs for å berge liv, men tida arbeider mot oss.

Aslaksen veit at det i tidskritiske situasjonar ofte står om minutt frå dei kjem til pasienten må få den behandlinga vedkommande treng.

Vi er blitt gløymde og oversett. Svaret vi får når vi spør om dette, er at det ikkje er økonomi til å ha folk på tilstadevakt på stasjon. Det er ikkje midlar til å bemanne opp.

I Hammerfest kommune aleine auka antallet oppdrag frå 3600 i 2020 til 4145 i 2021. Ei oppdragsauke på over 500 oppdrag på eit år.

– Det er som sagt eit dårlegare tilbod til befolkninga i Finnmark. Det er diskriminerande mot både folk og tilsette når ein har slik store forskjellar, seier han.

No kjem Aslaksen med ei klar oppmoding til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

– Helseministeren må sikre at folk i Finnmark har like god beredskap som i resten av landet.

Meiner tilbodet er forsvarleg

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng, skriv i ein mail til TV 2 at krava til ambulansetenesta er regulert i akuttmedisinforskrifta og at ambulansebilar dermed skal vere bemanna med tilstadevakt.

På spørsmål om praksisen i Finnmark er forsvarleg, skriv Bekeng at Helsedepartementet reknar med at Helse Nord held seg til forskrita, men at det kan gjerast unntak dersom ambulansen kan bli bemanna innan forsvarleg tid.

Helse Nord henviser direkte til Finnmarkssjukehuset som øverste ansvarlege for ambulansetenesta i Finnmark. Dei ynskjer ikkje å kommentere saka utover det.

I ein mail til TV 2 skriv Finnmarkssykehuset at Helse Nord i si anbefaling seier at kommuner med over 8000 innbyggarar bør ha minst ein mogleg ambulanse på tilstadevakt, derav berre 3 tenester i Finnmark som har denne ordninga.

Dei seier også at dei ikkje kjenner seg att i kritikken frå Ambulanseforbundet om at utrykning i Finnmark med heimevakt bruker 10 til 15 minutt lengre enn i resten av landet.

Finnmarkssykehuset seier dei opplev at responstida er god, og at mange av heimevaktene har like god responstid som dei som er på stasjonsvakt.

– Ingen vil ta ansvar for Finnmark

– Det er ingen tvil om at snittet for uttrykning av ein ambulanse i Finnmark tek 10 til 15 lengre enn i resten av landet.

Det seier leiar for Ambulanseforbundet i Delta og medlem av Totalberedskapskommisjonen, Ola Yttre.

Han rister på hovudet av responsen frå dei ansvarlige myndigheitene.

– Eg meiner dette er eit brot på forskrifta. Problemet her er også at det er ei anbefaling og ikkje eit bestemt lovforslag.

Han er redd for at ambulansetenesta i Finnmark vert ein stadig kasteball i systemet mellom ulike departement, Helse Nord og Finnmarkssykehuset.

– Ingen vil ta ansvar for Finnmark. Dei berre legg eit enormt press på personalet, seier Yttre.

Leiaren for Ambulanseforbundet i Delta reagerar på at ein framleis har denne debatten i Noreg i 2022. Yttre tykkjer det er rart at ein for nokre år sidan hadde enormt fokus på å auke kompetansen i ambulansetenesten, utan at ein tok med responstid.

Eg tykkjer det er veldig rart at vi framleis må kjempe for folks grunnleggande rettar i Noreg. Kjem vi for seint, so hjelp det ikkje om ein so er utdanna lege. Å auke kompetansen skulle kome folket til gode, då hjelp det likevel ikkje dersom vi ikkje kjem fram tidsnok.

– Dette er diskriminering av tilbodet for innbyggarane i Finnmark. Her må både helseministeren og likestillingsministeren på bana for å sikre folks rettar, seier han.

Les heile saken på TV2 sine nettsider.

Powered by Labrador CMS