Hopp til hovedinnhold


Flyttar ambulanse frå Luster til Sogndal i ein prøveperiode

Styret vedtok fredag planen for dei prehospitale tenestene i Helse Førde.

I Lavik skal det vurderast alternative modellar til døgnambulansen som er der i dag, skriv Sogn Avis.

I Lavik skal det vurderast alternative modellar til døgnambulansen som er der i dag.

Avgjerda om Bremangerlandet inneber i praksis at døgnbilen blir ein einmannsbetent ambulanseressurs, der Helse Førde stiller med ambulansearbeidar og fullt utstyrt bil og kommunen står for hjelpemann.

I vedtaket ligg også flytting av ein dagbil frå Luster til Sogndal, i første omgang gjennomført som ein tolv månaders prøveperiode, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Det har heile vegen vore stort engasjement rundt ambulanseplanen. Det kom innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar, og innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider.

Betyr mykje

– Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, meiner administrerande direktør Arve Varden.

Det opphavelege forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik møtte aller sterkaste motstanden i høyringsrunden, særleg frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord.

Men styret har no slått fast at ein skal ytterlegare greie ut endringane og vurdere alternative modellar.