Hopp til hovedinnhold


– Det kan sjå ut som helsehjelp ikkje treng å nå fram til øybuarane

Dei lærde menn og kvinner som styrer Helse Førde har sett noko som vi som bur og lever her i Askvoll kommune ikkje har fått med oss.

Det skriv Stig Ove Olset, samfunns- og klimaengasjert lettmatros/motormann MB «Askvoll», Askvoll i eit innlegg i Firdaposten.

Kanskje veit dei noko heilt spesielt om helsa til innbyggjarane her i kommunen? Kan sjå ut til at dei meiner at helsehjelp ikkje treng å komme fort fram. Og i i alle fall når det gjeld øybuarane våre. Og vi har ca. 880 av sorten i Askvoll kommune.

Og Helse Førde fann på noko genialt. Dei gav oss eit ultimatum: «Enten fjernar vi ambulansebåten eller so fjernar vi ambulansebilen frå Askvoll». Vi valde å behalde båten. For som dei fleste veit, kan ein ikkje køyre bil på sjøen for å komme seg ut til øyane. Bilen vart flytta til Dale.

Då det var stasjonert ambulansebil i Askvoll, var det veldig kort responstid til dei mest brukte/viktige plassane i kommunen: Helsehuset, Aldersheimen og kaia (ambulansebåten). Var òg mykje kortare responstid rundt omkring elles i heile kommunen.
Men ved ei utrykking no går det mellom 15 til 25 min (og endå lenger på dårleg føre). Og for alle vi som bur i Askvoll kommune, gjekk vi, pga. fjerninga, mange tiår tilbake i tid når det gjeld helseberedskap.

Ambulansehelikopter skulle vel vere den store redninga, men viser seg å ha store avgrensingar sidan dei ikkje har avisingssystem på rotorane og veldig ofte lågt skydekke med dårleg sikt. Ved ei utrykking til øyane no ligg ambulansebåten og ventar i 15-25 minutt før bilen kjem og so skal alt utstyr om bord, (båten er utstyrt med bårestativ, men sjølve båresenga, som var om bord, var det nokon i Helse Førde som kom på at den kunne dei gi som naudhjelp saman med ein gammal ambulansebil?) Her går det fort nokre minutt til, når båresenga skal frå bilen og om bord via båreliften som er montert bak på båten.

Resultatet av at ambulansebilen er stasjonert i Dale, og at ambulansebåten må vente på ambulansepersonell og utstyr, er at ambulansebåten i Solund er (i godt ver over Lågøyfjorden og Buefjorden) litt raskare til Bulandet/Værlandet enn ambulansebåten i Askvoll. Dette blir det god statistikk av, som Helse Førde kan vise til, for å få vekk båten i Askvoll.