Hopp til hovedinnhold


Jublar for trombolyse

Helse Førde skal frå i haust gi blodfortynnande medikament i ambulansane til folk med akutt hjarteinfarkt, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les også om podkastepisode: Metalyse i midnattsol
Denne veka er alle ambulansetilsette i Stryn ferdig utdanna for trombolyse-behandling, skriv Fjordingen (krev innlogging).
Helse Førde har hatt trombolyse-behandling tilgjengeleg ved alle sjukehus og i luftambulansen. I dag tilrår internasjonale retningslinjer at ein ute kan starte behandlinga, og det er difor viktig for Helse Førde at ambulansane kan tilby dette.
– Helse Førde er det første lokale helseføretaket i Helse Vest som kan tilby trombolyse-behandling i bilambulansane, fortel Trond Aamot, fagutviklar for ambulansetilsette.
Helse Førde ligg på botnen i landet i kor raskt pasientane får opna tette årar.
Medan berre 7 prosent av pasientane tilhøyrande Helse Førde får behandlinga innan anbefalt tid er landssnittet 40 prosent. I Oslo og Akershus får over 70 prosent optimal behandling, syner tal frå Norsk Hjarteinfarktregister.
Marita Aarvik frå Stad har i ei årrekkje argumentert for trombolyse, men blitt avvist.
– Det er som julafta og 17. mai på ein gong. Vi har jobba i ti år for å få det til Sogn og Fjordane, dette var på tide, seier Aarvik.
Les heile snutten hjå NRK