Medieklipp
Vaktmeister måtte køyre ambulanse
Då alle beredskapsambulansane var ute på oppdrag, måtte vaktmeister i Aurland kommune trå til og køyre ein alvorleg sjuk pasient til Voss.
Då alle beredskapsambulansane var ute på oppdrag, måtte vaktmeister i Aurland kommune trå til og køyre ein alvorleg sjuk pasient til Voss, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Vaktmeister Steinar Grønsberg, som tidlegare har jobba i ambulanse, måtte ta akutt-oppdraget saman med ein ambulansesjåfør som eigentleg hadde fri, skriv Sogn Avis.
– Turen gjekk greitt, men eg meiner at dette illustrerer at det kan vere trong for to ambulansar med heildøgns beredskap i Aurland og Lærdal, meiner Grønsberg.