Hopp til hovedinnhold


Ny, krass kritikk mot AMK-sentral

To år etter at alarmsentralen fekk kritikk etter ei dødsulukke, kjem ein ny, nedslåande rapport om alarmsentralen i Helse Fonna, skriv NRK Hordaland.
Det slår Fylkesmannen i Hordaland fast etter å ha sett på korleis helseføretaket handterer naudanrop.
I ein fersk tilsynsrapport (ekstern lenke) har fylkesmannen konkludert med at «styringa ved AMK Haugesund ikkje sikrar pasienttryggleik på ein tilstrekkeleg måte».
Ifølge rapporten fører bemanningssituasjonen til at operatørane berre kan svara på éin telefon om gongen. På grunn av låge stillingsbrøkar, kan det gå over ei veke mellom kvar vakt. Dette går ut over kvaliteten, slår rapporten fast.
– Svikt har gjentatt seg, sjølv om me har påpeikt det, seier fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson.

Varsla for seint i forkant av dødsulukke

Ein 47 år gamal mann døydde då ein båt køyrde i ein stolpe utanfor Karmøy i juni 2016.
Operatørane på jobb takla ikkje situasjonen då dødsulukka inntrefte, konkluderte Helsetilsynet i Hordaland, som i ettertid granska innsatsen ved sentralen.
Men fleire pasientar og pårørande som har hamna hos Helse Fonna, opplever å ikkje bli tatt på alvor, seier fylkeslegen.
– Eg vil understreka at me har fått mange klager dei siste åra. Fleire av klagene har hatt likskapar, mellom anna at personar som kontaktar sentralen ikkje opplever at meldinga blir tatt på alvor. Det er alvorleg, seier Arianson.

Høyrde gjennom lydloggar: – Blei ikkje tatt på alvor

Fylkeslegen har også gjennomgått organiseringa av AMK-sentralen. Resultatet er fire avvik:

  • «Det er uklart kven som tek avgjerder om praksis i enkelte faglege spørsmål. Eit døme på dette er kven som avgjer praksis for bruk av nødnett for utalarmering av ressursar på natt (etter kl. 23) i område 3.»
  • «Knapp kapasitet, små stillingsprosentar og lite tid/trening som operatør, gjer at risiko for svikt i vurdering og handtering av innkomne meldingar frå befolkninga er stor.»
  • «AMK-sentralen følgjer ikkje alltid fastsette rutinar for bruk av Norsk medisinsk Indeks i samarbeid med andre relevante aktørar i akuttkjeda eller ved utalarmering av ressursar.»
  • «Leiinga har ikkje følgt godt nok med på at praksis har vore i samsvar med dei mål, forventningar og krav som er stilt til denne tenesta.»

Etter intervju med leiarar, tilsette på sentralen og ein gjennomgang av lydloggar, har fylkeslegen konkludert med at dei tilsette har gjort alvorlege feilvurderingar i samtale med pasientar.
Les meir om saka hjå NRK