Måtte ordne opp sjølv
– Politivakta i Florø manglar lokalkunskap når dei skal sette i verk bergingsaksjonar, meiner Kjell Rognaldsen, etter å ha blitt sett over til politiet av AMK.
– Politivakta i Florø manglar lokalkunskap når dei skal sette i verk bergingsaksjonar, seier Kjell Rognaldsen til NRK.
Liknande i Ålesund: Brannledere slår alarm om manglende varsling
Les og: - Nå må vi snakke sammen
Laurdag ettermiddag berga Kjell Rognaldsen truleg livet til ein mann som kantra med båt ved Kvamsøy i Balestrand.
Rongaldsen seier han blei ringt opp av ein hyttenabo som hadde sett mannen hamne i sjøen. Han seier at det berre var tilfeldigheiter som gjorde at dei fekk tak i båt tidsnok til å berge mannen.
– Naboen ringe og sa at det låg ein mann i sjøen. Eg ringde 113 og dei sette meg over til politiet. Der hadde dei lite lokalkunnskap, dei visste kvar Kvamsøy er, men ikkje korleis dei skulle få tak i båt.
Rognaldsen seier han er overraska over at politiet ikkje hadde kontaktpersonar med båt i området.
– Det er sommar og folk er på mykje på sjøen. Politiet bør nesten vite at viss det skjer noko ein plass, så veit dei kvar dei kan få tak i båt. Eg vart ikkje imponert iallefall.