Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Innbyggarane i Bremanger samla i Ambulanseprotest

400 møtte på ambulansemarkering: – Eg er utruleg stolt og rørt

– Eg er utruleg stolt og rørt over å sjå kor mange som har møtt opp her i dag. Vi er rundt 170, og det var 200 i Bremanger.

Det viser at vi nærmar oss 400 menneske som har vist si misnøye med framlegget til Helse Førde, sa Ann Irene Myrheim på folkemøtet i Kalvåg mot nedlegging av ambulansen for ytre Bremanger til Fjordenes Tidende (krev innlogging).

Leiaren for Kalvåg Bygdelag sa at dei no vil oppmode alle lag og organisasjonar, det vere seg idrettslag eller kor, om å sende motsegner til Helse Førde på framlegget om å legge ned ambulansen i ytre Bremanger.

– Vi treng ambulansen for å ha den sikkerheita som krevst for å bu i eit slikt distrikt som vi gjer, tidvis kutta av få resten av verda, og med mykje dårleg vêr.

Ho peika på at folk i ytre Bremanger vil ha ein trygg kvardag slik som alle andre.