Medieklipp

Ambulanse. Illustrasjonsbilde.

Fullt i Kristiansund – sende akuttpasientar til Molde

Kristiansund sjukehus hadde i helga ikkje plass til å ta imot fleire akuttpasientar. Nye pasientar måtte bli sende til nabobyen.

Publisert Sist oppdatert

Kristiansund sjukehus stengde denne helga for mottak av medisinske pasientar som trong augneblikkeleg hjelp. Det melde Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Nye pasientar måtte dermed bli sendt til Molde sjukehus, som er rundt 70 minutt sør for Kristiansund med bil.

– Over langt tid har det vore veldig fullt på medisinsk sengepost. No var det kome til eit punkt kor det ikkje lenger var forsvarleg å ta imot fleire pasientar, seier klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Britt Rakvåg Roald.

Har ti pasientar for mykje

Sjukehuset har for tida stort overbelegg, med 40 innlagde pasientar på medisinsk sengepost.

– Det er særdeles krevjande. Vi har dimensjonert for 30 sengeplassar, då har alle eit rom eller plass det er dimensjonert for. Når det blir fleire, blir det i korridorar, daglegstover og stader det ikkje er lagt opp til at det skal vere pasientsenger.

Søndag kveld låg det sju pasientar som er utskrivingsklare. Dette bidrog sterkt til situasjonen, ifølgje helseføretaket.

AMK og legevaktene blei varsla om at dei som trong hjelp blei sendt til Molde til klokka 16 måndag.

– Det er heller ikkje god plass i Molde, men der har vi sett inn fleire legeressursar til å flytte litt om på pasientar. seier Rakvåg Roald.

Les heile saken på NRK sine nettsider.

Powered by Labrador CMS