Hopp til hovedinnhold
Covid-19-pandemien setter norsk helsevesen på prøve.
Ambulansetjenesten sitt smittevernutstyr for dråpesmitte. Foto: Truls Melbye, ambulansearbeider St. Olavs hospital


FHI ber kommunane førebu seg: – Vaksineskepsis kan vere ei utfordring

FHI fryktar for helsa til dei flyktningane som er venta å kome frå Ukraina.

Mellom anna fordi mange ikkje er vaksinert mot sjukdomar som covid-19 og meslingar. Dette skriv NRK på sine nettsider.

Tal syner at berre 36 prosent av folk i Ukraina har fått ein eller fleire dosar koronavaksine. I Noreg er 79 prosent fullvaksinerte, irekna barn.

Dessutan syner statistikken at Ukraina ligg etter andre europeiske land når det gjeld vaksinar mot andre og potensielt farlege sjukdomar.

«Vaksineskepsis kan vere ei utfordring, og det er viktig å sikre god informasjon, og dessutan understreke at all vaksinasjon er frivillig.

Det skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i eit rundskriv som er sendt til alle statsforvaltarane i Noreg.

– Kan utgjere ein utbrotsfare

Der peikar dei på kor viktig det er å prioritere helsetilbodet til dei som kjem frå Ukraina til Noreg – og samstundes unngå stigmatisering av uvaksinerte.

«Sjølv om vaksinasjonsdekninga har vore aukande i Ukraina dei siste åra, har ikkje WHO sine målsetjingar for barnevaksinar blitt nådd», skriv FHI.

Dei slår også fast at offisielle dekningstal for vaksinasjon er usikre, og at pandemien har ført til ytterlegare etterslep på rutinevaksinasjon.

«Særleg meslingar, influensa og covid-19 kan utgjere ein utbrotsfare. Sidan den norske befolkninga er godt vaksinert, representerer denne situasjonen ingen fare for utbrot i befolkninga generelt», skriv FHI.

Skal sikre vaksinar til alle

Også Verdas helseorganisasjon (WHO) er uroa over helsesituasjonen til alle som no må flykte frå det krigsherja heimlandet.

Dei har no inngått eit samarbeid med EU, for å sikre at alle flyktningane får tilstrekkeleg helsehjelp. Det inkluderer vaksinar til alle.

«Likeverdig tilgang til vaksinar er ein rett for alle, same kvar dei er».

Det skriv doktor Siddhartha Datta, regional rådgjevar for WHO og EU.

WHO meiner det er svært viktig at landa som no får flyktningar frå Ukraina, tilbyr vaksinasjonar til både barn og vaksne. Både mot covid-19 og andre sjukdomar.

«Dette er viktig for å verne flyktningane mot sjukdommar som kan sirkulere i vertslandet, og forhindre utbrot av sjukdommar som meslingar og polio», skriv WHO.

Sjukdomar og traume

Det er venta at dei første flyktningane som kjem vil vere relativt unge og friske folk, men de kan også kome ein del eldre menneske.

FHI peikar på at Ukraina er eit land med høg førekomst av enkelte smittsame sjukdommar som tuberkulose og hiv.

Dessutan har landet ei vesentleg sjukdomsbyrde av mellom anna hjarte- og karsjukdommar, diabetes og kronisk lungesjukdom i ei aldrande befolkning.

«I tillegg kjem akutte traume og helsebehov som følgje av krigssituasjonen, inkludert psykisk helse og skader», skriv FHI.

Jobbar med informasjon

– Vi anbefaler at personar skal bli tilbydd vaksinar både mot korona og mot dei sjukdommane som er mest smittsame.

Vi ønsker å ta høgde for at når det kjem mange flyktningar og som bur tett saman, at dei då kan få det tilbodet raskt etter at dei kjem til Noreg.

Det seier overlege Marianne Riise Bergsaker som jobbar med smittevern og vaksine ved FHI. Ho seier at for dei som kjem frå Ukraina vil det som ein del av mottakinga også bli tilbydd vaksine.

– Me går gjennom kva vaksinar barn og vaksne har hatt, og så vil vi på bakgrunn av det tilby vaksinar, seier ho.

Bergsaker seier FHI har starta med å omsette informasjonsmateriell til ukrainsk.

– Vaksinar i Noreg er frivillig, så det er viktig å fortelje om vaksinasjonsprogrammet og sjukdommane me vaksinerer mot i Noreg, og at det er eit tilbod for dei, seier Bergsaker.