Medieklipp

Norsk AW101 lander på St. Olavs hospital 13. september 2019.

Desse kan redda deg – sjølv om du ikkje har mobildekning

Går du deg vill på påskefjellet eller kjem i havsnaud, bør du ikkje skru av telefonen. Dei nye redningshelikoptera kan nemleg finna deg, sjølv utan mobildekning.

Publisert Sist oppdatert

– Å få tidleg kontakt med den som er sakna eller treng hjelp kan vera livbergande, seier sjefen for redningshelikoptertenesta (330 skvadronen) i Luftforsvaret si avdeling på Sola, Pål Kullerud til NRK.

Påsken er høgsesong for leitemannskap over heile landet med hundrevis av redningsoppdrag kvart år.

Sjølv under koronapåska i fjor, var det mange oppdrag for hjelpekorpsa.

NRK er med det nye redningshelikopteret Sar Queen på treningsoppdrag til Frafjordheiane i Rogaland.

Helikopteret er arvtakarane etter Sea King, som feira femtiårsdag som Noregs redningshelikopter i fjor.

I Frafjordheiane blir det øvd på å finna personar som har gravd seg ned i snøen.

I løpet av få minutt blir telefonen lokalisert frå helikopteret ved hjelp av eit nytt system for å søka opp mobiltelefonar.Mobile Phone Detection and Location system (MPDLS)

Noreg eitt av få land

Telefonen treng berre vera påskrudd, og er ikkje avhengig av teledekning.

– På denne måten klarer me å finna ein telefon opp mot 20–30 kilometer frå posisjonen den er i. Me har sjansen til å senda SMS og ringa når me nærmar oss, seier Kullerud, som har lang fartstid som redningspilot.

Noreg er eit at få land som har innført systemet. Etter halvanna år med dei nye redningshelikoptera, er fleire sakna funne med den nye teknologien.

Det skjedde seinast for eit par dagar sidan. Fleire personar var meldt sakna.

– Det var store leitestyrkar som alt hadde leita i fleire timar. Då me fekk oppdraget frå Hovudredningssentralen drog me opp og spora dei i løpet av ti minutt, seier Kullerud.

Dei sakna personane hadde tatt seg inn i ei hytte. Alle var i god behald.

Sparer store ressursar

Leiteaksjonar i fjellet krev også store ressursar, både frå offentlege naudetatar og frivillige.

Rask lokalisering sparer derfor også hjelpemannskapa.

Dersom me klarer å finna den sakna i løpet av 10–15 minutt kan me avslutta leiteaksjonen. Då kan dei andre ressursane brukast på andre oppdrag.

Røde Kors Hjelpekorps er den største frivillige aktøren innan den norske redningstenesta. Dei er positive til teknologien i redningshelikoptera som sporar opp mobiltelefonar.

– Slik teknologi kan også bidra til meir effektive oppdrag, sjølv om ikkje helikopteret klarer å ta seg heilt fram, sidan dei kan finna posisjonen til dei sakna.

Då kan hjelpekorpset reisa direkte til rett posisjon og henta ut personane i naud, seier nestleiar i landsrådet i Røde Kors Hjelpekorps, Jarle Bjørge Øverland.

Sårbar teknologi

Røde Kors påpeikar at teknologi er avhengig av straum og batteri som bli fortare tappa i kulden.

– Ved å ta utgangspunkt i fjellvettreglane som planleggingsverktøy for turen, har du eit god utgangspunkt. Det er lurt å for eksempel å pakka med kart og kompass.

Skal du på tur i skredterreng bør du ha med skredsøkar, spade og søkestong, seier Øverland.

Sjefen for redningshelikoptertenesta minner om at utstyret for å lokalisera mobiltelefonar fungerer like godt for dei som ferdast til havs som på fjellet.

– Er du i naud, eller trur du nokon er på leit etter deg, skru på telefonen. Også når du ikkje har teledekning. I tillegg er det viktig å kunna lada telefonen på tur, seier pilot Kullerund.

Les heile saken på NRK sine nettsider.

Powered by Labrador CMS