Fagforbundet

Bærebjelken i den akuttmedisinske tenesta?

Etter over 30 år i yrket er eg overtydd om at bilambulansetenestene er bærebjelken i den akuttmedisinske kjede, og har en betydelig større rolle enn den oppfattast som.

Publisert Sist oppdatert

Fra Fagforbundets bilag nr. 4 i Ambulanseforum 2018.

Å redde liv er eit stort og omfattande begrep. Det observerast likevel eit markert fokus i media, presse og ut blant meining mann, at når det snakkas om å redde liv, trygghet for innbyggarane i kommunane, så er det utelukkande lege og luftambulansen som blir nemnt.

Ein på gata kom bort til meg og seier: «Desse folka gjøren fantastisk god jobb, dei redda meg - men dei blir ikkje sett - på ein måte».

En annen seier: «Når eg blir akutt sjuk, så kommer det eit helikopteret og hentar meg». En lege seier til meg: «Vi tar dykk for gitt ... dykk er berre der».

I Ambulanseforum nr. 1 i 1975 skriver overlege Andreas Skulberg om Ambulansetenesta i Noreg og bl.a. om sosialisering av denne. Eg kjem tilbake til eit lite sitat frå hans gode innlegg.

Kva har endra seg?

Blir bilambulansen tatt for gitt? Og i så fall, kva fare kan dette medføre for folks liv og helse?

Det herskar ingen tvil om at luftambulansetenesta er ein enorm viktig ressurs for landet vårt. Landet er av ein slik karakter at denne tenesta er uunnverleg.

Likevel har bilambulansen ei enorm stor rolle og er ein vesentlig ressurs i den akuttmedisinske tenesta.

Bilambulansetenesta i Norge er en del av spesialisthelsetenesta og er lagt til statens fire regionale helseføretak.

Verksemda styres av forskrift om akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Søker ein på ambulanseteneste finner man mykje om luftambulanse.

Helt frå 1920-tallet ble det utført lufttransport av pasientar i Norge, og det skal visst ha vore Røde Kors som lanserte den ideen først.

På 30-tallet kom pilot Viggo Widerøe med første kjente luftambulanseteneste. Konseptet med dedikert legebemanna ambulansehelikopter blei introdusert i 1978 av lege Jens Moe.

Under sosialminister Tove Strand Gerhardsen ble det etablert ein nasjonal luftambulanseteneste i 1988, der flyselskapa fekk kontrakt med Rikstrygdeverket om dedikert beredskap med spesialinnreidde ambulansefly og -helikopter.

Men det var vel en form for ambulanseteneste før luftambulansetenesta sitt inntog?

Eit sjukehus på hjul

Dei siste 20 åra har bilambulansen utvikla seg enormt. Frå å vere einmannsbetjent og nærast ei rein transportteneste, til i dag, eit lite «akuttmottak på hjul».

Utstyr, hjelpemiddel og behandlingsmogelegheita vi har til rådigheit, og utfører, er blitt vesentlig betre. Det er ein kontinuerlig utvikling på dette området.

Kompetansen på personellet og kravet som blir stilt til desse blir stadig større og strengare, og er også i kontinuerlig utvikling.

Denne parallelle prosessen, med utstyr, hjelpemiddel og kompetanse fører til at tenester dei siste åra utfører stadig meir avansert og komplisert behandling.

God og forsvarleg ambulanse til alle

Ein høyrer stadig om bilambulansetenester som blir flytta eller lagt ned. Samanslåing til større og meir robuste og sentrale stasjoner skjer stadig.

Skal ein som bur i grisgrendt strøk ha lågare tryggleik enn ein som bur meir sentralt? Utviklinga ser ut som om den har blitt slik.

Det snakkast om å oppretthalde kompetanse, noko ein ikkje får på små stasjonar med få oppdrag. Ein får ikkje personell til å søke stillingar på små stasjonar.

Ein får ikkje nok mengdetrening/pasientkontakt, på dei små stasjonane. I det hele tatt, mange saklige argument for at små stasjoner sliter i dagens samfunn.

Dette er argument som dekker over at det er eigentlig økonomiske kostnader som er utfordringa.

Kostnaden i tenesta ville blitt vesentlig høgare viss ein skulle oppretthalde bilambulanseteneste på alle dei små plassane der det burde vert ein teneste.

Ein ser også at den økonomiske fordelinga til helseføretaka, angåande bilambulanse, ikkje tek omsyn til kor stort geografiske område ein bilambulanse skal dekke.

Den økonomiske tildelinga blir fordelt i forhold til innbyggjartal. Ein faktor som slår uheldig ut for områder med lange avstandar og lågt innbyggjartal.

Forståinga av å transportere ein alvorleg sjuk pasient i fleire timar på dårlege vegar, fell på steingrunn. Å ha mange turar på ein stor tettstad kan gjerne vere eit godt argument, men utfordringane i distrikta kan vere vel så utfordrande og krevjande.

Ein forsvarleg bilambulanseteneste?

For å oppretthalde ein nokon lunde forsvarlig bilambulanseteneste på små plasser, har dei for eksempel i Helse Førde slått saman/lagt ned små stasjonar, flytta personellet til store stasjoner som hovudbase, og oppretta satellittstasjonar på småplassane, som personellet rullerer på i turnus.

Det er eit kommunalt ansvar å ha en tilfredsstillande akuttmedisinsk tryggleik for innbyggjarane i kommunane. Likevel svekkast denne tryggleiken i prosessen med samanslåing av legevakt og fjerning av bilambulansar.

Legevakta blir slått saman og plassert på ein sentral plass, gjerne i nabokommunen. Omkringliggjande kommunar har ikkje lenger lokal lege/legevakt som etter kl. 16:00 kan rykke ut til bebuarane i ein akuttsituasjon.

På enkelte stader har denne utviklinga gått for langt. Kommunane satsar på at det går bra. Bilambulansetenesta gjer så godt dei kan, avstandane blir større og større.

Så frå å vere bærebjelken i systemet, er bilambulansen nå i ferd med gradvis å bli skifta ut med usikre løfter om at «dette er forsvarlig»

Vern om kvaliteten

Bilambulansetenesta vil uansett korleis en snur og vender på det, både no og i framtida, vere den som reddar flest liv.

Ein snakkar om alt frå menneske som blir utsatt for ei alvorleg ulykke til den eldre med sepsis, der iverksetting av tidleg behandling er avgjerande, og at desse blir transponert i full fart til sjukehus for vidare livreddande behandling.

Merksemda burde rettast meir mot denne tenesta. Bilambulansen burde fått meir kreditt for rolla den har i samfunnet og ikkje lenger bli tatt som en sjølvfølgje.

Når ein ny lege kjem ut i teneste i ein liten kommune, så priser han/ho seg lykkelig for at bilambulansen er der.

Sikkerheten for pasienten, legen og hele situasjonen påståast å vere mykje takka vere bilambulansen og det arbeidet personellet på desse bilene gjør.

Det er utalde gonger kommet fram at òg erfarne kommunale leger stiller seg bak påstanden om at denne tryggleiken er vesentleg.

Og vere objektiv når ein gjennom mange år har «hatt desse skoa på seg» er vanskelig. Samspelet er definitivt til stede og det fungerer utmerket, men det følast som om at bilambulansen blir alt for lett tatt for gitt, ein ressurs som berre er der..

Når desse kommunane skal bøte på manglande akuttmedisinsk teneste, har dei starta med å utdanne og lære opp sine egne heimesjukepleiarar og/eller sitt lokale brannvesen.

Såkalla first-responder-grupper (det vil vere for omfattande å utdjupe dette i si heilheit). At dette er til hjelp, det er det absolutt.

Spørsmålet er om dette er nøye nok gjennomtenkt og fundamentert i kva ein kan forvente av slikt personell. Får desse opplæring, oppfølging og trening nok til å mestre slike situasjonar?

For ein som har vert opp i ei alvorleg ulykke, eller ein akutt situasjon, der tid og tilgjengelege midlar rår, veit ein at dette er ein rimelig kaotiske situasjon.

Ein skal ha kunnskapar om alt frå egen sikkerhet, skadestadshandtering, pasientbehandling med kva som er viktige prioriteringar medisinsk sett, kjennskap til krisehandtering, psykiatri etc.

Å stå totalt einsam i ein slik situasjon er uhyre belastande.

Det er noko usikkert, om desse som meiner at dette er godt nok, eigentleg har våre i nærleiken av slike situasjonar. Og dermed har kunnskap nok til å uttale seg om dette?

Personell som arbeider i bilambulansetenesta har opplevd dette. Men som den usynlige delen av den akuttmedisinsketenesta vi er, så blir vi sjeldan spurt om kva vi meiner.

Og når vi på toppen av det heile også blir titulert som ambulansesjåfør, også innad i vår eigen organisasjon, så er vel det retningsgjevande for kor belyst samfunnet er om vårt yrke og vår ståstad i den akuttmedisinske tenesta.

Overlege Andreas Skulberg snakka i 1975 om sosialisering-og om to-mannsbetjening av bilambulansetenesta. I den samanheng skreiv han blant anna følgjande:

«Samtidig med sosialisering må det kunne slås fast at ambulansepersonell er helsepersonell, og at den medisinske enhet som de tilhører, har ansvaret for vedlikehold av nødvendige kunnskaper og opplæring ved anskaffelse av nye apparatur. Det er vanskelig å tilfredsstille dette behov hos en privat ambulansemann som lønnes med stykkpris»

Powered by Labrador CMS