Hopp til hovedinnhold


Ambulansetenesta i Helse Førde og kvalitet

Det har vore fleire oppslag i media i siste tida som går på endringar innan ambulansetenesta og akuttberedskapen i Sogn og Fjordane, står det i et innlegg i Fjordingen (krev innlogging).

Les og: «Beredskapen i Helse Førde reduseres ytterligere»

På helsenorge.no finn ein opplysningar om kvaliteten som bør vere påambulansetenesta i Noreg. Går ein inn på den nasjonale kvalitetsindikatoren, ser ein at her opererer ein med del akutte hendingar i tettbygd strøk, der ambulanse er framme innan 12 minutt, og del akutte hendingar i grisgrendt strøk, der ambulanse er framme innan 25 minutt. Det er anbefalt at ein når 90% av folket innan 25 minutt i vårt område.

I sakspapira til sak 141/16 til styremøte i Helse Vest 7/12-16 kan ein lese om ambulansedekning og responstider i Helse Vest. Det ligg ved ei oversikt over kommunane og kor stor del av utrykkingane som ligg innafor 25 minutt. Her ligg Stryn på botnen i Nordfjord med 69% (anbefalt 90). Berre 5 av kommunane i denne oversikta har nådd målet på 90%. Dette er alarmerande med tanke på tryggleiken i trivselsfylket.

Det har skjedd store endringar innan Helse Førde siste åra. Nedlegging av sjukehus og samling av spesial-helsetenesta er stikkord. Ordvekslinga i høve sjukehuskampar har til tider vore både harde og prega av frykt. Ein av dei tinga som skulle endrast i høve nedlegging av føde/akuttavdeling på Nordfjordeid sjukehus var ei styrking av ambulansetenesta. Dette for å sikre akuttberedskapen i Nordfjord. Kan Helse Førde synleggjere kva styrking av ambulansetenesta som har vorte gjennomført i Nordfjord etter nedlegging av akutten/føden?

I Nordfjord skal ei ambulanse «parkerast» delar av året. Kor den parkerte bilen skal takast ut av teneste skal rullere, slik at ei veke er det ein bil i Måløy som står parkert, ei anna veke er det ein bil i Stryn som står parkert. Til saman skal ein bil i Nordfjord stå parkert 7 mnd av året. Likevel hevdar Helse Førde at beredskapen vert like god.

Delar av forklaringa går på flåtestyring av bilane.

Bilane skal flyttast meir og brukast opp mot større geografiske område. Flåtestyring er positivt. Det er meir fleksibelt og gjev ei jamnare dekningsgrad i periodar der mange av ambulansane er i bruk. MEN, å bruke flåtestyring for å ta vekk ein bil, vil redusere kvaliteten i nettopp dei periodane der det er mange bilar i bruk.

I Sogn og Fjordane er dei fleste kommunane ikkje innafor 90%-målet og fylket har lengst ambulansetid i landet. Det som no skjer med redusering av beredskapen er ikkje mindre enn meiningslaust. Å hevde at det ikkje vert endring i kvaliteten med redusering av tal bilar og personell, er uforståeleg.

Les heile innlegget hjå Fjordingen (krev innlogging)