Hopp til hovedinnhold


Ambulansebåten får leve i to år til

Administrasjonen rår styret i Helse Førde til å inngå ei mellombels avtale om båtambulanse for dei neste to åra i Askvoll, skriv Firda.
Dersom styret går for denne løysinga, tyder det at ordninga med to båtar, ein i Askvoll og ein i Solund, vert vidareført fram til ny båt er på plass. Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Helse Førde har tidlegare vedteke å legge ned ambulansebåten i Askvoll, for å satse på eit tilbod med ein meir moderne ambulansebåt som skal vere utstasjonert i Solund. I tillegg skal det vere ein taxibåt eller eit anna transportalternativ for folk på Atløy.

I kontraktane for den mellombelse perioden, får Helse Førde også ei kvalitetsheving med noko skjerpa krav til både fartøy og maritimt mannskap.
Les meir om saka hjå Firda