Hopp til hovedinnhold
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.


Ambulansearbeidarens plass

KRONIKK: Fagarbeidaren har vore ryggrada i den prehospitale tenesta. Kva plass har ambulansearbeidaren i framtida, spør Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Dette er en kronikk, skrevet av Iren Luther, leder av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Hvis du ønsker å sende inn et kronikkforslag, kan du sende her.

Den viktigaste ressursen i dei prehospitale tenestene er fagfolka. Utan dei har me inga teneste. Ambulansearbeidaren har vore og skal vere ryggrada i den prehospitale tenesta . At me no får fleire autoriserte paramedisinarar på grunn av overgangsordninga endrar ikkje dette. Paramedisinarar er ikkje ei erstatning for ambulansearbeidarane, men eit positivt tilskot.

Så, korleis sikrar me at ambulansearbeidarutdanninga er ei utdanning som møter framtidas behov? Det aller viktigaste tiltaket er å sikre tilgang på læreplassar. Derfor åtvarar me mot å byte ut læreplassar i ambulansefaget med praksisplassar for paramedisinarar. Det er eit lite gjennomtenkt  tiltak. Ein må heller finne måtar å kombinere det på, sånn at me får utdanna begge grupper.

Så må me vidareutvikle utdanninga for ambulansearbeidaren, sånn at den til ein kvar tid samsvarar med behova ute i tenestene. Viss det er svakheiter må ein få dei fram, og jobbe for å oppdatere utdanninga.

Dei prehospitale tenestene har lenge satsa tungt på kompetanseheving. Nyutdanna ambulansearbeidarar kan rekne med å få tilført ekstra kompetanse som ikkje ligg i grunnutdanninga. Slik vert  dei sete i stand til å gjere fleire oppgåver når dei er ute på oppdrag. Denne kulturen må me ta vare på og vidareutvikle.

Samstundes kan det vere hensiktsmessig å på sikt formalisere denne kompetansen meir. Kanskje det kan organiserast som eit fagskulestudium, kor ein kan ta dei forskjellege faga på liknande måte som somme av kompetansehevingsprogramma i helseføretaka er organisert i dag?

Det er òg naudsynt å satse meir på etter- og vidareutdanningar generelt for ambulansearbeidaren. Fagskolen i Viken startar til hausten eit nytt studieprogram i «avansert prehospital kompetanse» som er det fyrste helsefaglege studiet på fagskulenivå på 90 studiepoeng. Det er tilpassa at ein jobbar mens ein tek det, ved å vere organisert på deltid over tre år og ved å vere nettbasert med samlingar. Me treng fleire tilbod om denne typen utdanningar, og gjerne fleire stader i landet.

Men kva med den ambulansearbeidaren som vil bli paramedisinar? Dei må kunne gjere det. Ambulansearbeidaren må kome inn på studiet på bakgrunn av fagbrevet sitt, og ein må òg sjå på om ein kan tilpasse studielaupet sånn at ein unngår for mykje repetisjon av ting ein allereie kan.

Det kan ikkje vere nokon tvil om at Noreg treng ambulansearbeidaren. Då må ambulansearbeidaren bli sett, høyrd og anerkjend. Ambulansearbeidarar kan stole på at Fagforbundet skal jobbe for det.