Aktuelt
Reagerer på utspel om ambulansekostnader i Helse Førde
FFO Sogn og Fjordane åtvarar mot å nytta kronikarane som ein salderingspost når helsepengane skal delast ut, skriv Sogn Avis.
Les òg: Ambulansetenesta i Helse Førde er ikkje berekraftig
FFO (Funksjonshemmedes Felleorganisasjon) Sogn og Fjordane registrerer med sterk uro at kronikarane nok ein gong vert trekt fram som ein salderingspost når det kjem til fordelinga av ressursar innan helse. Me kan ikkje sjå nokon meining i, at ei kostbar ambulanseteneste skal gå på kostnad av eit tilfredsstillande og godt tilbod til våre brukarar, skriv FFO i ei pressemelding.
Berekraftig
Utspelet frå FFO kjem etter administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde i førre veka snakka om at ambulansetenesta i helseføretaket ikkje er økonomisk berekraftig.
Og at finansieringa av tenesta bind opp ressursar som kunne blitt brukt på til dømes kronikarar.
Les meir om saka hjå Sogn Avis