Hopp til hovedinnhold
Stian Sægrov, ambulansesjefen i Helse Førde. Foto: Helse Førde


«Ambulansetenesta til Helse Førde er ikkje berekraftig»

Tenesta blir stadig dyrare og helseføretaket strevar med å rekruttere til dei minste stasjonane.

Dermed kan det vere duka for nye rundar om framtida til ein del av ambulansestasjonane i Sogn og Fjordane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Nye krav og strengare arbeidstidsordningar har ført til titals fleire tilsette i ambulansetenesta dei seinare åra, likevel er det krevjande å rekruttere til ambulansestasjonar som har få oppdrag.

Administrerande direktør Jon Bolstad fryktar utgiftsveksten går utover andre viktige sjukehusoppgåver.

– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester.

For to år sidan foreslo administrasjonen i Helse Førde å redusere talet på ambulansestasjonar. Den gongen fekk dei ikkje gjennomslag i styret.

Nye rundar

Det vil truleg kome nye rundar om nedlegging av ambulansestasjonar i Helse Førde.

I dag er det 21 ambulansestasjonar kring om i fylket, i tillegg kjem båtambulansar og helikopter. Men i fylgje Helse Førde har fleire av stasjonane få oppdrag og slit med rekrutteringa.

Bolstad er uroleg for at beredskap og nye krav og forventningar i for stor grad bind opp ressursar, som kunne vore brukte på til dømes kronikarar.

– Eg trur vi og må sjå om det er andre forhold i samfunnet som påverkar. Vi har ei luftambulanseteneste som er godt utbygd, vi har fått bruer og tunnelar som har konsekvensar for korleis vi tenker beredskap, seier Bolstad.

Les meir om saka hjå NRK