Hopp til hovedinnhold
Hustadvika 23. mars kl. 1400: Cruiseskipet Viking Sky har sendt ut mayday-melding og driver mot land, opplyser Hovedredningssentralen. Det er sendt flere helikoptre og fartøy mot stedet. Foto: Frank Einar Vatne / NTB scanpix


Noreg manglar plan for masseevakuering

Cruiseskipet «Viking Sky» var berre meter unna grunnstøyting. Hendinga har avdekt eit behov for betre planar når mange skal evakuerast.

373 menneske om bord i «Viking Sky» var i livsfare då cruiseskipet fekk motorstans i full storm over det farlege havstykket Hustadvika 23. mars i fjor, skriv NRK Møre og Romsdal.

kipet var svært nær å gå på grunn og konsekvensane kunne blitt katastrofale, med mange døde og skadde. I siste liten fekk skipet start på ein av motorane og unngjekk grunnstøyting.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har evaluert handteringa av hendinga. Konklusjonen er at redningsarbeidet fungerte svært godt, men at det ein del kan gjerast betre.

– Havariet i mars gjekk fint og marginane var på vår side. Hadde skipet gått på grunn, hadde utfordringsbiletet sett annleis ut, seier Per K. Brekke. Han er fungerande direktør i DSB.

DSB listar opp 22 læringspunkt etter nesten-ulykka. Direktoratet presiserer at desse punkta ikkje hadde nokon stor konsekvens for korleis redningsaksjonen på Hustadvika vart utført.

Må øve

Direktoratet peikar på at Noreg manglar ein nasjonal plan for masseevakuering.

– Dersom desse scenarioa skjer på stader der det kanskje er meir krevjande å bringe folk i land og løfte menneske opp i helikopter og i tryggleik, må vi tenke gjennom korleis slike planar kan sjå ut og korleis vi kan øve på det, seier Brekke.

Direktoratet anbefaler å gjennomføre større øvingar der dei ulike aktørane får trent på samspel, slik at dei er betre førebudd til neste store hending.

Mangelfull kommunikasjon

Under hendinga med «Viking Sky» var meir enn 30 aktørar involverte. Fleire opplevde at det var mangelfull kommunikasjon og informasjonddeling.

466 cruisepassasjerar blei evakuerte med helikopter til mottakssenteret Brynhallen. Ein og ein blei heisa opp i helikopter og dette var tidkrevjande. Fleire var skadde fordi bord og stolar fauk rundt i dei høge bølgene.

Innsatsleiinga ved idrettshallen som skulle ta imot passasjerane visste ingenting om skadeomfanget på dei som skulle komme. Først då passasjerane landa, såg dei om dei evakuerte var friske eller om dei trengde behandling.

Det var også ei utfordring at dei som deltok i redningsaksjonen kommuniserte gjennom ulik teknologi, som naudnett, VHF radio, mobiltelefon og e-post.

Direktoratet foreslår å styrke kapasiteten i Hovedredningssentralen til kommunikasjon og informasjonsdeling og at kommunar og private redningshelikopter tek i bruk Naudnett.