Hopp til hovedinnhold


Ambulansen hadde flatt batteri – privatfolk måtte frakte alvorleg sjuk mann

Eg synest det var uverdig og uforsvarleg, seier kvinna som ufrivillig tok på seg rolla som ambulansearbeidar.

Saman med sambuaren sin var ho sist søndag kveld på besøk til ein mann i nabolaget som varsla at han trengde hjelp. Då dei kom til huset hans på Sandsøya var det straks klart at mannen var så dårleg at veneparet ringde AMK,  skriv Vestlandsnytt (krev innlogging).

– Ambulansebåten vart rekvirert. Dei skulle kome over til Sandsøya med ambulansebilen som er stasjonert ved ferjekaia på Voksa. Men så ringde mannskapet og fortalde at ambulansebilen hadde att batteri. Difor vart vi oppmoda om å transportere pasienten til Voksa, seier kvinna.

– Hadde ingenting å hjelpe oss med

Ho og sambuaren måtte då bere pasienten frå huset og ned til sin eigen privatbil.

– Det var ingen enkel jobb, men det gjekk på eit vis. I etter- kant har vi tenkt litt meir på saka, og synest dette var både uverdig og uforsvarleg. Kva om pasienten hadde hatt behov for akutt helsehjelp? Kva om ved- komande hadde trengt hjarte- startar eller tilførsel av oksygen? Vi hadde ingenting å hjelpe oss med, seier kvinna.

Ho meiner det må vere innlysande at ambulansemannskapet umiddelbart skal ha ein «plan B» om det skulle syne seg at ambulansebilen er tom for straum. Og i alle fall på ei kringødd øy.

Det høyrer med til historia at pasienten vart send rett på sjukehus, med relativt alvorleg sjukdomsgrad.

– Ein systemsvikt

Vi tok kontakt med ambulansesjef Lars Erik Sjømæling i Helse Møre og Romsdal om saka. Han sjekka først opp dei faktiske forholda, kunne litt seinare stadfeste at historia kvinna fortel, stemmer.

Ambulansebilen hadde flatt batteri.

– Ambulansen står i ein garasje ved kaia på Voksa. Der blir tilstanden på bilen sjekka kvar fjortande dag. Dessutan har vi ei ordning der det alltid er straum på i garasjen, og dessutan straum på bilen. Denne gongen – truleg av vêrmessige forhold – hadde jordfeilbryta- ren slått seg inn, og dermed var det straumlaust. Bilen hadde då blitt tappa for straum, opplyser Sjømæling til Vestlandsnytt.

Han seier dette sjølvsagt ikkje skal skje, og helseføretaket må difor gå gjennom sine rutinar for å hindre at slike straumbrot set ambulansebilen ut av spel.

– Dette høyrest ikkje ut som ei fullgod løysing?

– Nei, og nettopp difor vil vi no sjå om vi kan få på plass ei ordning der vi vert automatisk varsla om det er noko feil med straumen i garasjen, seier ambulansesjefen.