Hopp til hovedinnhold


20 år sidan den nest største togulykka i etterkrigstida

Rett over nyttår 2000 kolliderer eit lokaltog frå Hamar med eit fjerntog frå Trondheim. Laurdag 4. januar er det 20 år sidan 19 menneske omkom i Åsta-ulykka, skriv Firda Tidend.

Etter kollisjonen ved Åsta stasjon i Østerdalen lak det ut store mengder diesel, noko som førte til ein kraftig brann. Ein av dei som overlevde kollisjonen, var Christopher Øvergaard.

Han hoppa ut av det brennande toget og krabba gjennom skogholtet med brekt bein. Av passasjerane i vogna der han sat, var han den einaste som overlevde, kunne han fortelje i NRK-dokumentaren «Overleverne».

I ettertid hugsar han godt korleis toget stod lenge og venta på nedlagde Rustad stasjon. Her er det sporveksel, så toga frå Trondheim kunne passere trygt på sida. Men det kom ikkje noko passerande tog.

Nest største i etterkrigstida

– Eg hugsar at eg syntest vi stod lenge. Så køyrer vi igjen, utan å ha møtt noko tog. Så eg tenkte: «– Ja ja, vi skulle kanskje ikke møte noe tog likevel», har Øvergaard fortalt til Dagbladet.

Nokre minutt etter at toget hans forlèt Rustad stasjon, smell det. Av norske jernbaneulykker i fredstid er det berre Tretten-ulykka i Gudbrandsdalen i 1975 som har kravd fleire liv enn Åsta-ulykka. Då omkom 27 menneske.

Det var til saman 86 passasjerar om bord i dei to toga då ulykka skjedde. Truleg omkom 16 av dei omkomne momentant i kollisjonen, medan tre døydde ei tid etter samanstøyten.

I tillegg til brannmannskap og ambulansepersonell bidrog òg andre passasjerar i redningsarbeidet. To britar fekk seinare Medaljen for edel dåd for innsatsen sin.

Kunne ikkje skjedd i dag

I rapporten undersøkingskommisjonen gav frå seg til Justisdepartementet i 2000, vart det slått fast at den direkte årsaka til ulykka var feil på signalanlegget eller menneskeleg svikt.

Jernbaneverket fekk ansvaret og 10 millionar kroner i bot. Ti år etter slo forvaltningsorganet fast at innføring av togradio og automatisk trafikkontroll har gjort det tryggare å reise med tog. Dei nye tryggingssystema fører til at tog som køyrer på raudt lys, blir stansa automatisk.

Eitt av toga køyrde på raudt lys. Det vart ikkje oppdaga av togleiaren før det var gått tre minutt. Det var ikkje installert lydalarm som varsla at to tog var på kollisjonskurs. Det var heller ikkje installert automatisk togstopp eller togradio.

Den einaste måten å få kontakt med toga på var via mobiltelefon. Men nummera til lokomotivførarane og konduktørane på dei to toga var oppførte på feil lister, eller dei var ikkje oppførte på noka liste i det heile. Dermed visste ikkje togleiaren på Hamar kven han skulle ringe.

Les meir om saka hjå Firda Tidend