Hopp til hovedinnhold


Rekordmange vil bli ambulansearbeidar

Heile 123 godt kvalifiserte søkjarar kjempa om 16 lærlingeplassar i ambulansetenesta i Møre og Romsdal. Det har aldri vore så stor rift om lærlingeplassane, og fleire av elevane nemner dokumentarserien 113 på NRK som inspirasjon til yrkesvalet, skriv Helse Møre og Romsdal i ei nyhetsmelding.
Denne veka møtte 16 motiverte lærlingar ved ambulansestasjonen i Breivika i Ålesund til informasjonsmøte om dei to åra som no ligg føre dei. Stemninga var upåklageleg lett, og latteren satt laust både hos forventningsfulle lærlingar og veiledarar.
- Vi har fått 16 særs godt kvalifiserte kandidatar. Av 123 søkjarar blei 63 invitert på fysisk test, og av desse var det 36 som fekk bestått og som gjekk vidare til intervjurundane, seier Lars Erik Sjømæling, avdelingssjef for prehospitale tenester i HMR.
TV serie til inspirasjon
Sjømæling meiner at den store interessa for lærlingeplassane mellom anna kan knytast til TV-serien 113 som har blitt vist på NRK. Dokumentarserien har satt fokus på ambulanestenesta og verkelig fått fram den viktige samfunnsrolla dei gjer, og ikkje minst spenninga og variasjonen i arbeidskvardagen.
Tore Paulsen er fagrådgivar ved avdeling for prehospitaletjenester i HMR og skal arbeide tett opp med lærlingane.
- Dei får lære mykje om seg sjølv på desse to åra. Noko av det viktigaste er evna til å bry seg om kvarandre. Det er noko ein ofte må ha i ryggmargen, seier Paulsen, og legg til at nokre undervegs også finn ut at yrket ikkje passar for dei.
Sjømæling og veileiarane ved ambulansetenesta fekk i fjor prisen for årets lærling i Møre og Romsdal, sølv i yrkes-NM for nokre år sidan og mange i årets lærlingekull gjekk ut med beste karakter.

Les heile nyhetsmeldinga hjå Helse Møre og Romsdal