Hopp til hovedinnhold


Atløy-folket ber om tilsyn med ambulanseordninga i Askvoll. Fylkeslegen seier nei

– Helse Førde treng å bli kikka i korta, seier Bjørn Arne Mjåseth. Men fylkeslege Helga Arianson vil ikkje legge seg opp i korleis helseføretaket organiserer ambulansetenesta, skriv Firda (krev innlogging).

Atløy Vel gjekk for få dagar sidan til fylkeslegen med misnøya si over korleis ambulansetenesta til øyfolket fungerer. I førre veke sende dei brev der dei ber om at det blir ført tilsyn med den gjeldande ordninga. Dei ønsker å få klarlagt om den held eit nivå fylkeslegen stiller seg bak.

– Vi meiner at dagens tilbod ikkje er godt nok, og at det er i strid med dei rettane vi har som innbyggarar, skriv Atløy Vel i brevet til fylkeslegen.

For få veker sidan fortalde fleire innbyggarar i Firda om hendingar der folk har opplevd smertemareritt før dei omsider har fått hjelp.

Utgreiing i gang

Innbyggarane på Atløy tek dette initiativet samstundes som kommunen, Helse Førde, politiet, brannvernet, Sivilforsvaret og Redningsselskapet er i gang med å greie ut ei framtidsløysing for ambulansebåtsituasjonen.

Folk på Atløy krev betre legevakt- og ambulanseopplegg. Norvald (69) opplevde eit smertemareritt

Talsmannen for velforeininga meiner forsøket på å få fylkeslegen på banen ikkje står i motstrid til dette prosjektarbeidet:

– Vi ønsker å få ei litt breiare fagleg vurdering enn berre Helse Førde si. Helseføretakets vurdering går litt på tvers av den allmenne oppfatninga. Vi har ei kjensle av at Helse Førde prøver å skyve kostnadene med oppgåver dei har ansvar for, over på andre samfunnsaktørar, seier Bjørn Arne Mjåseth til Firda.

Fylkeslegen: – Held fingrane frå fatet

Fylkeslege Helga Arianson kjem ikkje til å gå i gang med tilsynet Atløy Vel ber om.

– Det går føre seg eit planarbeid om prehospitale tenester, og då held vi som tilsynsmynde fingrane frå fatet. Vi kjem til å be Atløy Vel vende seg direkte til Helse Førde med dei innspela dei har. Det er viktig at Helse Førde får dette med seg, seier fylkeslegen.

– Vi blandar oss aldri inn i planprosessar. Det er heile tida Helse Førde som har ansvaret for korleis ambulansetenesta blir organisert og for at drifta er forsvarleg. Vår rolle er å drive kontroll og tilsyn med korleis tenestene fungerer, seier Arianson til Firda.
Du kan lese heile saka hjå Firda, men det krev innlogging