Hopp til hovedinnhold


Ambulansepersonell slår alarm i sommaridyll: – I verste fall kan liv gå tapt

Ambulansearbeidar i Austevoll reagerer på at folk legg ut krabbeteiner i farvatnet til ambulansebåten. – Det kan få fatale følgjer for dei som treng hjelp, seier Tor Kenneth Aase til NRK Hordaland.
Øykommunen Austevoll i Hordaland består av 667 øyar og holmar, og manglar samband til fastlandet. Når uhellet er ute, er ambulansebåt ofte det raskaste – og einaste – framkomstmiddelet innbyggjarane har til næraste sjukehus.
Difor reagerte ambulansearbeidar Tor Kenneth Aase då han fredag oppdaga krabbeteiner på rad og rekkje i sundet utanfor ambulansestasjonen i kommunesenteret Storebø.
Farvatnet mellom Storholmen og Kjeholmen er midt i leia som ambulansebåtmannskapet nyttar ved utrykking sørover i kommunen.
– Kvart sekund som går kan vera skilnaden mellom liv og død for den det gjeld. Då er det urovekkande at folk ikkje tenker seg om før dei legg ut teiner, seier ambulansearbeidaren.

Åtvarar om konsekvensen

Fredag publiserte han eit innlegg i Facebook-gruppa Kvardagsprat i Austevoll, der han åtvara mot det han kallar «lite gjennomtenkte» plasseringar av krabbeteiner.
Han er glad dei oppdaga teinene i dagslys og medan dei var i ferd med å kjøpa inn medisinar og utstyr til båten.
– Hadde det vore mørkt og me var på veg til eit oppdrag, kunne det ha blitt skjebnesvangert å fått ei teine og tauverket i propellen. I verste fall kunne liv ha gått tapt på grunn av det som kan verka som ein bagatell.
Les meir om saka hjå NRK