Bannerannonse

Styrkar ambulanseberedskapen i Sogn etter straumtrøbbel ved sjukehus

Ustabil straumforsyning har ført til at sjukehuset i Lærdal har stengt medisinsk avdeling og stoppa inntak av nye pasientar, også akutt. Ambulanseberedskapen i området er skjerpa, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Arbeidet med å skifte hovudstraumstavla ved Lærdal sjukehus har skapt utfordringar for straumtilførselen til sjukehuset. Mellom anna står begge heisane ved sjukehuset.

Det er innført full inntaksstopp i Lærdal, og gjennom natta har pasientar som skulle til sjukehuset blitt omdirigerte til Førde sentralsjukehus, to timar unna.

– Beredskapen med bilambulanse blir auka, slik at det blir ståande to døgnbilar i Lærdal. I tillegg til ambulansehelikopteret i Førde, er også luftambulansestasjonen på Ål og Hovudredningssentralen (HRS) orienterte om situasjonen. HRS styrer redningshelikopteret i Florø, opplyser beredeskapssjef Terje Olav Øen i Helse Førde.

Ikkje alvorlege hendingar

– Eventuelt nye akuttpasientar vil bli sendt rett til Førde, seier Øen til NRK.

Les meir om saka hjå NRK

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.