Hopp til hovedinnhold


Kan bli landets beste ambulansearbeidarar

Ambulansearbeidarane Magne Ramberg, Heidi Ulen og Laila Jøingsli deltek i norsk ambulansemesterskap, skriv Fjuken.
Laurdag skal dei tre ambulansearbeidarane, som er stasjonert på ambulansestasjonane i Vågå og Lom, konkurrere om ein finaleplass i det populære ambulansemeisterskapet, arrangert av EMS Norway.
– Vi er fem lag frå Sykehuset Innlandet som skal konkurrere på Gjøvik laurdag, og det laget som vinn der skal representere Innlandet i den nasjonale finalen, seier Magne Ramberg.
Han og kollegaene Heidi Ulen og Laila Jøingsli veit ikkje kva som ventar dei i helga.
– Vi veit berre at vi skal gjennom seks postar med ulike oppgåver som vi kan møte på i vår daglege jobb som ambulansearbeidar, seier Ramberg.
Denne veka har laget vore samla i Vågå for å trene.

Les meir om saka og sjå bilete hjå Fjuken