Hopp til hovedinnhold


Eitt av fem ambulanseoppdrag i Gloppen nådde ikkje fram innan fristen

Fleire Nordfjord-kommunar er bekymra over utviklinga. Dei er redde for kutt i ambulansetilbodet, skriver Firda.

Sju kommunar i Nordfjord uttrykker si bekymring for responstida til bilambulansen. Det skjer i ein uttale i samband med at Helse Førde har prehospital plan, fase 1 ute på høyring.

Det nasjonale målet for responstid med bilambulanse i grisgrendte strok er at ein i 90 prosent av oppdraga skal vere framme innan 25 minutt. Ein rapport viser at Gloppen, Bremanger og Stryn kjem spesielt dårleg ut.

– Tala er generelt høge for kommunar i Nordfjord, men Gloppen, Bremanger og Stryn peikar seg særskilt negativt ut. Der nådde høvesvis 24 prosent, 32 prosent og 34 prosent av akuttoppdraga med bilambulanse ikkje fram innan 25 minutt, står det i uttalen.

Les mer om saken hos Firda.