Hopp til hovedinnhold


– Utrykkingstida har auka med 40 prosent

ASKVOLL: – For innbyggarane våre går det på tryggleiken laust. Dette er ikkje godt nok, seier ordførar Ole Andre Klausen i Askvoll til Firda (krev innlogging).

I 2016 hadde Askvoll den tredje dårlegaste utrykkingstida i fylket. Så blei ambulansestasjonen lagt ned i 2017, og både bil og personale flytta til Dale.

– Eg har sett førebelse tal for 2018. Når eg samanliknar dei med tala frå 2016, så er det ei auke på utrykkingstid til akutte hendingar på rundt 40 prosent, slik eg les det, seier ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen.

Dette meiner han ikkje er haldbart.

– Askvoll var frå før ein av dei kommunane i fylket med lengst utrykkingstid. At det no har auka slik det har gjort er veldig alvorleg, seier ordføraren.

Ønsker endring

Klausen seier tala til no i år er slik at dei ikkje kan offentleggjerast fordi dei ville kunne kjennast att som hendingar i dei ulike bygdene. Han har sett dei, og seier han er uroa.

– Atløy er ein av stadane der vi ser at utrykkingstida har auka mykje. I 2016 var utrykkingstida der 17 minutt. I år har den i snitt vore 38 minutt. Årsaka er at ambulansebåten som ligg ved kai i Askvoll no må vente på at det kjem ambulansepersonell frå Dale. Tidlegare var dei berre eit par minutt unna, seier Klausen.

Han viser til at auken har vore stor også i andre bygder. I Stongfjorden har utrykkingstida auka frå 20 til 33 minutt, og sjølv i Holmedal, som ein skulle tru fekk minst auke fordi det ligg mellom Askvoll og Dale, har auka vore på 9 minutt, seier Klausen.

– Det meiner eg heilt klart. I Dale står det no stasjonert to ambulansebilar. Ein av dei burde vere i Askvoll, det ville auka tryggleiken i kommunen, seier Klausen.

– Ei lita auke måtte komme

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier at ei lita auke i utrykkingstid i Askvoll var venta, då ambulansestasjonen vart flytta til Dale. Dette var og med i saksgrunnlaget i styresaka i 2016.

– Vi ser at utrykkingstida har auka med 7–8 minutt i snitt. Det visste vi måtte bli slik. Men vi meiner at dette er forsvarleg, og at folk i Askvoll ikkje har grunn til å føle seg meir utrygge enn før, seier Sægrov.

Les meir om saka hjå Firda (krev innlogging)