Hopp til hovedinnhold


Feilutløysing av nødsendar førte til full redningsaksjon

Politiet og luftambulansen sette i gang full redningsaksjon på Hardangervidda etter at hovudredningssentralen fekk signal frå ein nødsendar. Da dei kom fram til staden synte det seg å vere eit feilsignal, skriv NRK.
– Det synte seg at sendaren hadde vorte løyst ut ved ein feil, seier operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Jørn Gustav Larsen.
Signalet vart sendt til hovudredningssentralen, og sidan politiet ikkje fekk kontakt med eigaren av sendaren vart det sett i gang ein redningsaksjon med snøskuter og luftambulanse.
Les meir om saka hjå NRK