Hopp til hovedinnhold


Pasient skulle ut for å røyke – trilla utfor trapp og døydde

Ein pasient døydde av skadane etter at han trilla utfor med rullestol gjennom ei rømmingsdør på sentralsjukehuset i Førde, skriv NRK.

Pasienten skulle truleg ned til hovudinngangen for å røyke då han trilla feil gjennom ei open dør til rømmingsvegen frå etasjen. Han fall utfor trappa og døydde to dagar seinare av skadane. Ulukka skjedde forrige måndag.
Helse Førde har varsla politi, fylkesmannen og Statens helsetilsyn om hendinga.
– Det er svært beklageleg. Slikt skal ikkje skje. Ein pasient skal vere trygg når han er innlagt eller til behandling på eit sjukehus, seier Kristine Brix Longfellow, fungerande fagdirektør.

– Tungt for alle involverte

Longfellow seier heile sjukehuset er prega av den tragiske ulukka. Mannen var dårleg til beins og sat difor i rullestol. Han var vurdert skikka til å ferdast utan tilsyn og var utan følgje då ulukka skjedde.
Fagdirektøren seier at dei etter ulukka har skilta at døra til ei kvar tid skal vere stengd, men ikkje låst. Dei har også gjort det umogleg at døra skal stå open.
Les meir om saka hjå NRK