Slik kan livsviktig HLR-trening bli morosam og betre

Terping og jamleg trening er nøkkelen til god hjarte- og lungeredning. Ei fersk masteroppgåve viser korleis den livsviktige treninga kan bli meir engasjerande og betre, skriv kommunikasjonsrådgjevar Karoline Reilstad ved UiS på Forskning.no. 

Trening på hjerte-lungeredning. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl

Det finst over to millionar Mini-Anne-dokkar over heile verda. Dokka er laga for trening på HRL, men ho gjer lite nytte om ho blir liggjande i eit skåp. Masterstudent ved Universitetet i Stavanger, Øyvind Stensland, har undersøkt korleis den viktige opplæringa kan gjerast betre og meir engasjerande.

– Tanken er å få ny teknologi inn i hjarte- og lungeredninga. Det kan gjere det meir spanande for dei som skal trene, seier han.

Stensland tar utgangspunkt i klikkelydane som dokkene lagar når ein gir hjartekompresjonar. Lyden blir tatt opp på ein mobiltelefon, og ved hjelp av relativ enkel signalbehandling får ein tilbakemelding i sanntid på kor djupt og raskt ein trykkjer.

– Når me har testa den automatiske registringa får me veldig gode resultat samanlikna med manuell registrering, seier Stensland.

Kahoot for HLR

Etter fleire rundar med utprøving har Stensland luka vekk problem knytt til variasjonar i både telefonar og dokker. I tillegg har det vore krevjande å stengje ute bakgrunnsstøy, snakking og musikk, pluss at underlag og avstand mellom dokkene kan påverke resultata.

Han har funnet ut at når fleire trenar i same rom, må ein ha ein avstand på halvanna meter for at lydane frå «riktig» dokke, og ikkje nabodokka skal bli registrert. Med denne avstanden er nøyaktigheita på 99 prosent.

Når til dømes elevar i ein skuleklasse trenar, kan læraren gi tilbakemelding og korrigere feil, anten til heile klassen eller den einskilde elev.

Stensland har og ein ide om at det han har funnet ut kan nyttast i eit oppsett som liknar Kahoot, kor elevane koplar seg opp via telefonen og resultata vert vist på storskjerm. Elevane «konkurrerer» då om å få riktig hastigheit og djupna på kompresjonane.

– Det trur me kan vere med å motivere elevar ekstra, seier professor Kjersti Engan ved Institutt for data- og elektroteknikk, som har rettleia Stensland i mastergradsprosjektet.

Laerdal vil ta ideen vidare

Mini-Anne-dokkene er billige, lette å distribuere og sett med dokker finst i skuleklassar, idrettslag og andre organisasjonar over heile verda. Under arbeidet med masteroppgåva har Stensland samarbeida tett med Laerdal Medical, som er produsenten av Mini-Anne og internasjonal leverandør innan opplærings- og behandlingsutstyr for livreddande førstehjelp. Laerdal håpar å få meir kunnskap om korleis dokkene blir brukt.

– Det hadde vore forlokkande å kunne seie til dei som har kjøpt dokker, at dei kan vere med på opplegg for begeistra elevar og få kontroll på det som er viktig, nemleg at ein trykkjer hardt og djupt nok, seier Helge Myklebust, som er forskingsdirektør ved Laerdal Medical.

Referanse:

Øyvind Stensland: Deteksjon av kompresjoner ved bruk av lydopptak fra smarttelefon under trening på hjerte- lungeredning. Masteroppgåve ved Universitetet i Stavanger. 2017.

Les meir om saka hjå Forskning.no

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*