Hopp til hovedinnhold


Solfrid ville døy. Så vart ho berga av redningshunden Cox.

Ho hadde gått ut i svarte natta. For aldri å koma attende. Så la hunden seg inntil henne. Å bli redda av schæferen Cox har endra livet til Solfrid Vestnes, skriv Bergens Tidende.

Ho opplevde barndommen i Ulsteinvik som varm og trygg, men skuletida endra alt. Særleg etter at ho byrja på ungdomsskulen auka mobbinga. Tenåringen gjekk frå å vera open og glad, til å bli trist og inneslutta. Sjølvbiletet rivna sakte, men sikkert. Til slutt følte ho at ho og livet hennar ikkje var noko verdt.
I september 2012 hadde ho ikkje meir livsmot. Ho tenkte at ingen ville sakna henne. No hadde ho putta i seg så mykje medisin at ho gjekk i ørska. Ho trøytna og ville sove, og håpte at ho aldri meir skulle vakna.
Det var det andre sjølvmordsforsøket på mindre enn eit døger. Morgonen før var ho blitt funnen på ei bossfylling. Tilfeldig. No hadde ho funne vegen til sjøkanten. Livredd og forvirra. Stemmene inni henne gav beskjed om å flykte. På legevakta hadde pårørande nett fått beskjed om å ta henne med heim. Ho blei vurdert som frisk nok til det. Men ho var langt ifrå frisk. I løpet av få minutt var ho på vandring. Igjen.
Vestnes hadde ikkje noko mål då ho gjekk ut frå legekontoret. Ho ville berre bort. Bort frå kaoset i hovudet, bort frå smerta ho kjende på innvendig. Ho ville ikkje vera til bry lenger.
Ho ramla og slo seg og vart liggjande, for sliten til å reisa seg att.
Ein stor redningsaksjon vart sett i gang. Den involverte Norske Redningshunder, Røde Kors, Redningsskøyta, luftambulanse, politi og andre frivillige.

Hundretusenvis av treningstimar

Organisasjonen Norske Redningshunder er den mest spesialiserte av redningsgruppene. Oftast leitar dei etter demente eller suicidale.
– Vi er klare til å rykkja ut 24 timar i døgeret, seier Jim Olav Hansen, dagleg leiar i Norske Redningshunder.
Han er ein av tre fast tilsette i organisasjonen. Alle dei andre driv aktiviteten sin på fritida. Dei betaler 150.000 kroner for å utdanne hunden sin. Dei slit ut bilen sin. Dei treng gode klede. Dei betaler 5000–6000 kroner for eit sentralt kurs. Og brukar ei veke av ferien sin på å gjennomføra kurset. I tillegg deltek dei på lokale kurs og faste treningar, ofte to dagar i veka.
Samla brukar dei 1600 medlemmene rundt 700.000 timar på å trena og vera skjerpa til kvart einaste oppdrag. I 2016 og 2017 deltok dei i rundt 500 søks- og redningsoppdrag på førespurnad frå nasjonale myndigheiter. Dei har nær firedobla aktiviteten dei ti siste åra.

«Eg ser Solfrid liggjande i det høge graset»

Fengselsbetjent Odd Einar Tysnes var nett ferdig med arbeidsdagen i fengselet i Ålesund då utkallinga kom. Han tok seg straks til plassen der Solfrid Vestnes sist var blitt sett. Kona kom etter med hunden, den åtte år gamle schæferen Cox.
Ein kommandosentral vart sett opp, med Tysnes som operasjonsleiar.
Det første søket var i ferd med å bli avslutta då eit forrykande regnvêr sette inn. Tysnes bestemte seg for å leita sjølv i eit område som ikkje var avsøkt. Klokka nærma seg halv åtte om kvelden. I meir enn fem timar hadde Vestnes vore sakna.
– Eg hadde leita inne i eit naust, utan resultat, og skulle til å gå vidare langsmed sjøkanten. Redningsskøyta låg heilt inntil stranda. Då tok Cox kobbelet i munnen og blei ståande heilt i ro, slik han skal gjera når han har gjort eit funn. Eg kom fram og såg Solfrid, liggjande i det høge graset, fortel Tysnes.
Cox fekk ballen. Løn for godt utført jobb. Så gjekk han og la seg ved sidan av Vestnes, som var dyvåt, nedkjølt og meir eller mindre medvitslaus. Alt Tysnes fekk ut av henne, var eit grynt. Eit livsteikn i det minste.
Tysnes fekk ei intens lukkekjensle over seg. Han skunda seg å tilkalle ambulanse. Tre brør, ei søster, ei mor og ein far hadde hatt vonde timar. Tysnes visste at no ville dei oppleve ei enorm lette.

Brakt attende, til eit nytt liv

Katten Leo stryk seg inntil Solfrid Vestnes. Fem år er gått sidan ho vart berga. Ho er uendeleg takksam. Livet er mykje betre no. Ikkje éin gong sidan schæferhunden Cox snuste seg fram til henne, har ho tenkt den tanken som ein gong var tilbakevendande. At ho ville bort herifrå. No ønskjer ho berre ein ting – å leve livet best mogeleg.
Les meir om saka hjå Bergens Tidende