Hopp til hovedinnhold


Takkar brannvesen og ambulansepersonell for livet

At vi har lokal beredskap som står klar til å rykke ut det augneblikket ulukka er ute kan ha berga livet til Kjartan Holseter. For ein knapp månad sidan stod det om sekund då han fekk hjartestans, skriv Vestnesavisa.
Søndag 12. november klokka 12.30 sit Kjartan heime i stova i Kollen saman med kona Guri. Kjartan reiser seg, tar ei bok ut av bokhylla og set seg ned i ein stol. Han snakkar heilt normalt med kona, før han plutselig nemner at han kjenner seg svimmel.
I neste augneblikk fell hovudet hans bakover. Hjartet har stansa.

Dramatiske minut

– Eg rista i han, slo og ropte, men fekk ingen respons, fortel Guri Glasø. Ho forstår straks at dette er alvor, og ringer naudtelefonen 113. Etter å ha presentert seg med namn og adresse – noko som kan ha spara verdifulle sekund – seier ho «Mannen min held på å dø».
– Ho eg prata med tok meg straks på alvor, og gav instruksjonar til kva eg skulle gjere medan vi venta på hjelp. Eg fekk han ned på golvet og starta med hjarte/lungeredning, seier Guri, som omsider får nytte av livredninga ho lærte på hjelpepleieskulen i 1980.
Etter berre fem minutt var hjelpa på plass, i form av ambulansepersonell og to personar frå brannvesenet. I situasjonar som dette tel kvart sekund.
– Eg forstår ikkje korleis dei har klart å komme fram så fort. Dei må nesten ha sitte klare i bilane og venta, seier Guri. Etter det første elektrosjokket med hjartestartar vaknar Kjartan, noko som er eit godt teikn. I ettertid er han blitt fortalt at berre 6-10% overlever ein slik hjartestans utanfor sjukehus. Når først uhellet er ute, kan han prise seg lukkeleg for både ei snartenkt kone og utrykkingsetatane som var raskt på pletten.

Til Haukeland

Helikoptertur vert det ikkje i første omgang, sidan det er opptatt på anna hald. I rekordfart går turen til Ålesund sjukehus i ambulanse.
Derifrå blir han straks sendt vidare til Haukeland med luftambulanse – nordover til Trondheim er vêret nemlig for dårleg. Vel framme og i trygge hender blir han liggande på sjukehus i ei veke.
– Det viser seg at det ikkje var snakk om eit hjarteinfarkt eller tette blodårar til hjartet. Det var ein elektrisk feil på hjartet, seier Kjartan, som no er heime og i fin form att.
Les meir om saka hjå Vestnesavisa