Hopp til hovedinnhold


Mitt tog er lasta med redningsutstyr - og redningspersonell

Med ullpledd, medisinar og 25 000 liter vatn om bord kan beredskapstoget rykkje ut til ras, brann og andre ulukker langs Bergensbanen, skriv Bane Nor.

Då ein skiløpar vart teken av ras mellom Haugastøl og Finse i mars, vart jernbanen løysinga for å frakte mannskap, pasient og pårørande. Om lag sju mil av Bergensbanen ligg i veglaust terreng på høgfjellet. No har redningsmannskapa fått eit skreddarsydd beredskapstog stasjonert på Voss.
- Med dette toget er me veldig godt førebudd på store ulukker, slår Bodil Reime Sørlie fast. Ho er ambulansearbeidar på Voss og ei av eldsjelene som har jobba med å få toget i stand.
I tillegg til raset ved Haugastøl, har toget vært brukt på leiteaksjonar og øvelser.

100 på opplæring

- Me har laga beredskapsplanar og tiltakskort og avgjort kva bemanning toget skal ha. Målet er å køyre ut så fort me har trekkraft på plass, helst innan ein og ein halv time etter varsling, fortel ho.
I slutten av april kom 100 medlemer frå mellom anna Røde Kors, Norske redningshunder, Sivilforsvaret, akuttmottaket og kommunehelsetenesta på Voss til lokstallen for å gjere seg kjende med toget.
- Når det smell, må det gå fort. Alle må vite kva dei skal gjere og kva reglar som gjeld. Jo fleire som kjenner toget, jo større er sjansen for suksess, seier politibetjent Jens Petter Gravning.

Lokomotiv i begge endar

Beredskapstoget har ei passasjervogn, ei vassvogn og eit «flak», ei flat vogn som kan frakte andre køyretøy. Passasjervogna har fått installert straumaggregat, kjøkken, sjukestue og eit stort rom til folk og utstyr. Her finst mellom anna tørrmat, førstehjelpsutstyr og bårer. Toget kan ha ei trekkmaskin i kvar ende, slik at det raskt kan snu eller delast i to.
- Me set saman dei vognene som situasjonen krev. Til ein grasbrann kan me ta med berre vassvogna og ein brannbil på flaket. Er det snøras, kan me ta med passasjervogna og flaket med inntil åtte snøskuterar, forklarer Jon Hermann Rivenes. Han er faggruppeleiar for linja over Hardangervidda og med i Voss brannvern på si.

Beredskapstoget - desse er med

  • Bane NOR
  • Brannvesenet
  • Helse Bergen
  • Hordaland alpine redningsgruppe
  • Norsk folkehjelp
  • Norske redningshunder
  • Politiet
  • Røde Kors
  • Sivilforsvaret

Les meir om saka hjå Bane Nor