Hopp til hovedinnhold


Kan gjere redningsarbeidet endå vanskelegare

Erfaringar frå både Norge og utlandet viset at eit forbod mot basehopping kan verke mot si hensikt, skriv NRK.
Etter at ein basehoppar onsdag kveld mista livet i ei ulukke i Gudvangen i Aurland, har spørsmålet om eit forbod mot aktiviteten igjen blitt tema for ordførar Noralv Distad. Dødsulukka denne veka er den sjette i kommunen sidan 2013.
Men erfaringane frå stader der ein har innført forbod mot basehopping, viser at det ikkje er vegen å gå. Det seier Dan Halvorsen som er visepresident i IKAR, den internasjonale kommisjonen for alpin redningsteneste.
– Det er umogleg å overvake eit forbod, og ein har også sett at eit forbod ikkje stoppar aktiviteten

– Kan komplisere redningsaksjonen

Gjennom vervet i IKAR har Halvorsen vore engasjert i problematikken i årevis. Han er også redningsteknisk rådgjevar for Luftambulansetjenesten HF, dei som driv all luftambulanseflyging i Norge.
Kort tid etter dødsulukka i Gudvangen, gjekk ein annan basehoppar i bakken i Flåm. Her måtte luftambulansen heise ned helsepersonell til den skadde.
Halvorsen seier redningsoppdrag etter basehoppulukker ikkje er farlegare enn andre oppdrag for luftambulansen. I alle oppdrag kjem mannskapet sin eigen tryggleik først.
Å forby denne typen aktiviteten vil derimot kunne komplisere arbeidet for redningstenesta.
– Det kan føre til at aktiviteten i staden blir gjort til tider på døgnet der det er dårlegare forhold. Om noko skulle skje er det vanskeleg for redningstenesta å få gode meldingar og god informasjon om skadeomfanget, seier han.
Les heile saka her