Hopp til hovedinnhold


Får millionstøtte til forsking på betre samhandling

Forskar Miriam Hartveit leier intervensjonsstudien som skal betre samarbeidet mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Målet er at fleire pasientar skal få betre og raskare behandling, skriv Helse Fonna.
– Det er kjent at samarbeidet mellom primær- og spesialisthelsetenesta ikkje alltid er særleg godt. Gjennom denne studien vil vi finne praktiske og gjennomførbare tiltak for å betre dette samarbeidet, seier Hartveit.
Intervensjonsstudien ho leier har fått 2,4 millionar i strategiske midlar til samhandlingsforsking frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.
– Dårleg samarbeid går først og fremst ut over pasientane. Eit betre samarbeid vil kunne bety at færre unødig mister livet, at fleire blir mindre plaga av sin sjukdom og at fleire blir raskare friske, seier Hartveit.

Vil finne svar

Hartveit har i tjue år arbeidd med kvalitetsforbetring i spesialisthelsetenesta og disputerte i 2016 for doktorgraden. I avhandlinga ville Hartveit finne ut kva kvaliteten på tilvisinga frå primærhelsetenesta til spesialisthelsetenesta har å seie for vurdering, prioritering og behandling. Éin av konklusjonane var at tilstrekkeleg informasjon i tilvisinga kan heve kvaliteten på pasientbehandlinga og redusere forseinkingar i behandlinga.
Les heile pressemeldinga hjå Helse Fonna