Hopp til hovedinnhold


Ebola-epidemien eksploderte gjennom«super-smittarar»

Forskarar seier at berre nokre få menneske var årsaka til dei fleste tilfella av ebola-smitte som herja vest i Afrika i 2014. Det skriv NRK Urix.
– Rolla til «supersmittarane» var større og meir avgjerande enn vi tidlegare har trudd, seier Benjamin Dalziel, ein av forfattarane bak ein ny studie som er publisert i det vitenskaplege tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences, PNAS.
Han seier at dei som stod bak mykje av spreiinga av viruset var hovudsakleg dei som døydde heime og som ikkje greidde å ta seg til behandlingsklinikkane.
– Det var ikkje mykje smitte som skjedde etter at folk vart innlagde på sjukehus og klinikkar, seier Dalziel. Så mange som 61 prosent av dei ebolasmitta fekk viruset frå vesle tre prosent av dei som vart råka.
– Først er det slik at ulike pasientar som har ebola i ulik grad skil ut virus. Dei fleste smittetilfella skjer mot slutten av sjukdomsperioden like før og etter døden, seier han.
Les meir om saka hjå NRK