Hopp til hovedinnhold


Ambulansearbeidarar klare for Beredskapsbygget

Morten Horn og Trym Jensen gler seg til å bli del av det stadig meir solide fagmiljøet på Moberg, skriv Os & Fusaposten.
Beredskapsbygget på Moberg stadig blir oppsøkt av andre kommunar som ønskjer å læra. Så langt 10 i talet. Dei har jamvel fått besøk frå New York brannvesen, og snart kjem ifølgje Gjøsund brannvesen frå Gibraltar.
I dag vart det feira at Ambulansestasjonen på Moberg har nådd stadiet «tett hus», og represententar frå alle fagdisiplinane som er stasjonert i Beredskapsbygget var invitert på kranselag.
Ambulansestasjonen har i dag tilhald i Kolskogen, der også legevakten var før, men frå mars av er også denne å finna ved Beredskapsbygget. Det nye påbygget vert på 400 kvadratmeter, og den totale storleiken er dermed rundt 2.000 kvm.

- Ein stor fordel å vera på same stad

Ambulansearbeidar Morten Horn understreka at det er positivt for dei som ambulansearbeidarar å bli del av dette fagmiljøet.
- Til dømes det å kunna ha felles øvingar vert lettare å gjennomføra. Og me vert betre kjende. Når det då skjer noko akutt og ein må gjenoppliva ein person er det nok med eit blikk mellom meg og ein frå brannvesenet til at me forstår kvarandre og gjer alt rett, seier Horn.
Brannvesenet er ofte med på utrykningar saman med både legevakt og ambulansetenesta.

Overnattar på Moberg

Ambulansestasjonen i Kolskogen har rundt 7 årsverk, og vanlegvis er tre personar på jobb samtidig. Den nye ambulansestasjonen inkluderer også soverom, då dei tilsette er døgnkasernerte.
- I helga er på me på jobb i to dagar i strekk, og treng ein plass å slappa av innimellom slaga.
- Tek de berre oppdrag i Os?
- Me er stasjonerte i Os, men bidrar når det skjer noko andre stader også etter kva som er behovet, seier kollega Trym Jensen.
Les meir om saka hjå Os & Fusaposten