Hopp til hovedinnhold


Fryktar fjerning av ambulansebåt vil gå på tryggleiken laus

Knappe to år etter at ambulansebåten i Askvoll vart truga med nedlegging er tilbodet nok ein gong oppe til diskusjon. Innbyggjarane fryktar konsekvensane om båten forsvinn, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Eg syns det vil vere tragisk rett og slett. Den båten vi har i dag fungerer nesten uansett vêr. Å vurdere å legge ned den ruta høyrer ikkje heime nokon plass, seier leiar i Bulandet og Værlandet grendelag, Roar Landøy.
Likevel kan det bli ein realitet. For Helse Førde vurderer no om det skal gjerast endringar i ambulansetilbodet (sjå saksutgreiinga). I dag er det tre ambulansebåtar på kysten, i Askvoll, Solund og Florø. Fredag skal styret bestemme kva alternativ ein skal gå vidare med.
– Det er ikkje gitt at eit helikopter kjem seg fram i dårleg vêr. Vi vil ha båten, det er ikkje så mykje pengar det er snakk om, seier Landøy.
Les meir om saka hjå NRK