Hopp til hovedinnhold


Politiet tek sjølvkritikk etter dødsulukke

Naudsignal vart sendt like etter at ei kvinne fall utfor kanten på Trolltunga laurdag kveld, klokka 19.10. Likevel tok det fem timar før redningshelikopter var på plass, skriv NRK Hordaland.

Hovudredningssentralen i Sør Norge var dei første som tok imot naudmeldinga frå Trolltunga laurdag. Deretter vart politiet knytt til det vidare arbeidet.
I samråd med HRS vart det avgjort at politiet skulle innhente meir informasjon. Redningshelikopteret vart ståande på bakken.
– Vi fordelte raskt arbeidsoppgåver og fann ut kva som kunne gjerast. Eit av verkemiddelene vi bruker er å sende tekstmelding, noko vi nytta her. Men vi er kjend i området og visste at det er få plassar det er dekning her, seier Hans Egil Berge, avsnittsleiar i Hordaland Politidistrikt.
Etter å ha venta i nesten to timar gjekk Ole Selvåg og tre turkameratar opp i fjellet for å prøve å finne dekning på telefonen, som dei med ujamne mellomrom greidde.
– Vi fann til slutt dekning og eg fekk varsla sambuaren min at alt gjekk fint med oss. Ho hadde også fått naudvarselet og var uroa. Deretter fortalde eg om kvinna som hadde falle utfor Trolltunga.
Like etterpå tikka det inn tekstmelding frå politiet.
«Hei. Dette er politiet i Bergen. Vi har mottatt melding på at du har løyst ut nødsignal. Kan du bekrefte dette og kva er situasjonen. Hilsen politiet», sendt klokka 20.06.
– Vi bekrefta dette, seier Selvåg.
Klokka 21.19 sende politiet ei ny melding med spørsmål om fleire opplysningar, men då hadde sambuaren til Selvåg allereie kontakta og forklart situasjonen for politiet og fått tilbakemelding at eit helikopter var på veg.

– Frustrerande

Dei gjekk igjen ned og forklarte at eit helikopter ville vere på veg innan kort tid. Men heller ikkje denne gongen kom det hjelp.
Like før midnatt, først fem timar etter at Selvåg hadde sendt ut naudsignalet, kom helikopteret til Trolltunga.

Vil sjå gjennom eigne rutinar

HRS vil sjå gjennom redningsarbeidet som vart gjort i helga og evaluere arbeidet sitt.
Les meir om saka hjå NRK