Hopp til hovedinnhold


No får dei ambulansebåt

Slepp overnatting etter besøk på legevakt, skriv Firda.
Heilt sidan Askvoll vart med i det interkommunale legevaktsamarbeidet har det vore diskusjon rundt retur av pasientar til øyane utanfor Askvoll.
Problema oppstår på kveld og helg, når siste ferje til øyane er gått for kvelden.
Då har pasientar måtte overnatte i Førde, for så å ta rutegåande transport dagen etter. Det er billegare enn skyssbåt mellom Askvoll og Bulandet/Værlandet.
Lang veg fram
– Det har vore mange rundar rundt returtransporten. Sist haust trudde vi det var løyst, etter at representantar frå helseføretaket var i kommunestyret og orienterte. Men det viste seg å ikkje vere slik vi vart førespegla. Pasientar som kom til Askvoll, til dømes med drosje, måtte sjølve betale båtskyss til øyane, og så kunne dei i etterkant søke om å få pengane tilbake. Dette var ikkje godt nok, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær.
Ho skreiv brev.
"Med bakgrunn i brevet frå ordføraren i Askvoll kommune har Helse Førde sondert moglegheitene for å finne ei løysing der pasientane med trafikale behov, likevel slepp å forskottere heimtransport etter at rutegåande transport har stoppa å gå. Vi har etter dette funne å ville prøve ut ei ordning der ambulansebåten utfører dei aktuelle turane. Rekvirering av båten vil i kvart høve skje via AMK. AMK vil utarbeide retningslinjer/rutine for rekvirerande. Dette vil då kunne skje utan utlegg for pasienten. I første omgang vil vi prøve ut denne ordninga i eit halvt år. Viss det ikkje oppstår utfordringar med ordninga som vi ikkje ser i dag, vil ordninga kunne gjerast permanent".
Les meir om saka hjå Firda