Hopp til hovedinnhold


Omsorg mens blålyset blinkar

Dagleg hentar ambulansepersonell pasientar på stader der dei ikkje kjem fram med båra. Då gjeld det å finne alternative løysingar for å løfte og bere. Kva slags turar som ventar veit dei aldri. Det einaste dei veit er at dei skal hente alvorleg sjuke og skadde menneske.

Dagleg hentar ambulansepersonell pasientar på stader der dei ikkje kjem fram med båra. Då gjeld det å finne alternative løysingar for å løfte og bere. Kva slags turar som ventar veit dei aldri. Det einaste dei veit er at dei skal hente alvorleg sjuke og skadde menneske, skriv Silje Grytli Tveten i Arbeidstilsynet.

- Det er vel eigentleg faget sin ande, dette ikkje å vete kva som ventar deg og det å ta ting på sparket, seier seksjonsleiar Rolf Petersen.

Dagane for ein ambulansearbeidar startar vanlegvis med å sjå til at utstyret i ambulansen er på plass og fungerer slik det skal. Deretter ventar dei på å få melding via kommunikasjonssentralen. Når vi besøkjer St. Olav ambulanseteneste på Rosten i Trondheim, går alarmen alt før vi har fått drukke vår fyrste morgonkaffi. Då er det berre å ta på seg jakka og dra.

- I løpet av ein dag kan det variere mellom alt i frå tre til ti turar. Vi må vere innstilte på at det verste kan skje, fortel lærling Siv Mona Haugen.

På grunn av dei fysiske utfordringane som yrket inneber, er det sett fysiske krav for å bli teken opp som lærling i ambulansetenesta. Gjennom ulike testar må lærlingane mellom anna vise at dei kan handtere tunge løft og har god nok kondisjon.

For oss som ikkje er vande med å arbeide i eit yrke der vi møter menneskje i naud er det ei spesiell oppleving å vere med i ein ambulanse. Ein kjem tett på eit menneskje i nokre få minutt der det treng så mykje hjelp at det ikkje kan take hand om seg sjølv. Det er sterkt.

Å halde ein gamal i handa
Ambulanseyrket handlar om mykje meir enn muskelkraft og action, det dreier seg like mykje om å gje omsorg, å vise medkjensle og å trøyste.

- Det er ikkje berre blålysturar som kan vere tøffe, det kan vere like utfordrande med ein vanleg tur som ein akutt-tur, seier Arild Næss.

- Kanskje er det den siste turen vi køyrer for eit menneskje og vi vil gjere turen best mogleg. Då er kanskje den beste behandlinga du gjev å halde pasienten i handa, seier lærling Ingve Hovde.

Forsking om ambulansepersonell viser:

  • Opp i mot 90 prosent er blitt utsett for ulike typar vald på arbeidsplassen, slik som skremming, psykisk og fysisk mishandling, seksuell trakassering og overfall.
  • Mangel på støtte frå kollegar er den mest alvorlege og vanlege organisatoriske stressfaktoren.
  • Høg frekvens av stress er knytt til storleiken på tenestedistriktet og det å arbeide overtid.
  • Over 15 prosent som rapporterer ei traumatisk hending i ambulansetenesta rapporterer også om Post-Traumatisk Stressliding-symptom. Det er vist ein samanheng mellom tal år arbeidd i ambulansetenesta og PTSD-symptom.
  • Ambulansepersonell oppsøkjer i mindre grad enn den resterande arbeidande befolkninga psykisk hjelp og lid i mindre grad av angst og depresjon.
  • Ambulansepersonell oppsøkjer i større grad enn andre hjelp for muskel- og skjelettplagar, og då i særleg grad menn.

Les meir om tunge løft, skiftordningar, fysiske krav, debrifing, kollegastøtteordning med meir hjå Arbeidstilsynets Arbeidervern