Hopp til hovedinnhold


Det hastar for ambulansen

Ambulansesituasjonen i Sogn og Fjordane, der Helse Vest og Helse Førde er samde om å leggja ned to lokalsjukehus, er – mildt sagt – utfordrande. Og det på fleire måtar.

Ambulansesituasjonen i Sogn og Fjordane, der Helse Vest og Helse Førde er samde om å leggja ned to lokalsjukehus, er – mildt sagt – utfordrande. Og det på fleire måtar, skriv Sogn Avis på leiarplass.

Det er ikkje spesielt roande med slike problem samstundes med planar om redusert føde- og akuttilbod ute i distrikta.

Heilt til nyleg vart Helse Førde truga med dagbøter på grunn av mangel på kvalifisert fagpersonell. Dette problemet skal no vera rydda av vegen. Det er etter det me forstår ikkje på grunn av ein brå oppsving i rekrutteringa av kvalifisert fagpersonell, men ei rokkering i måten ein nyttar seg av det mannskapet helseføretaket allereie disponerer.

Det er sjølvsagt positivt at ein har funne ei løysing som er til å leva med, men dette er vel ikkje ei fullgod løysing på sikt. Trongen for meir kvalifisert ambulansepersonell kjem til å auka.

Men det er ikkje berre rekruttering av kvalifisert mannskap som er ei utfordring. Episoden i Aurland som Sogn Avis fortalde om laurdag, der vaktmeisteren på kommunehuset måtte trø til, er nok eit prov på kor gale det var å ikkje behalda ein ambulanse med kvalifisert mannskap, som ein faktisk hadde – i denne kommunen. Heldigvis gjekk det bra, takka vera ein kvalifisert vaktmeister, men kva beredskap er dette?

I Sogndal er problemet at ambulansane står utandørs uansett vêr og kulde. Mot slutten av fjoråret slo dei tilsette på sogndalambulansane alarm om forholda. Fylkeslegen har opna tilsynssak på grunn av dei uhaldbare forholda. Og like før jul gjorde Rita Navarsete (Frp) det klart at ho også vil ta denne saka opp politisk. Det er bra og skulle berre manga. Det må rett og slett snarast råd finnast ei løysing på floken som er mellom Sogndal kommune og Helse Førde for å skaffa ambulansane i regionsenteret ein brukande stasjon.


Les heile leiaren hjå Sogn Avis