Hopp til hovedinnhold


Er det kjekt med legevakt?

- Ønsker allmennlegane utmelding frå all akuttmedisin? Mi meining er altså nei - tvert om må me erobra den attende. Det står om det noko av det vesentlegaste i legegjerninga si sjel.

- Ønsker allmennlegane utmelding frå all akuttmedisin? Mi meining er altså nei - tvert om må me erobra den attende. Det står om det noko av det vesentlegaste i legegjerninga si sjel, skriv Sverre Rørtveit i Dagens Medisin.

Bakgrunn: Utmelding fra all akuttmedisin?

Dagens Medisin: Kjekt med legevakt, men det var før...

ER DET KJEKT med legevakt? Dette spørsmålet stiller den erfarne kommunelegen og legevaktlegen Eric Mills i Dagens Medisins bilag «Allmennlegen» (11/2010). Det fremgår i kronikken at det var kjekt før, men at mange faktorar gjer at det ikkje er kjekt lenger.

Mills gjev faktorane navn: Store legevaktdistrikt, som framstår som negativt trass i at det betyr færre vakter. Færre kontaktar med dei akuttmedisinske tilfella - for ambulansen tek dei først - og dermed gradvis synkande akuttmedisinsk kompetanse.

Framande ambulansearbeidarar - og slett ingen teambuilding. Nattarbeid vert tyngre til eldre ein blir.  Ikkje-oppdaterte pasientjournalar på legevakt.

Det moderne samfunnet gjev større risiko for å møta trugande pasientar. Dei tragiske pasienthendingane følest meir mentalt belastande når ein blir eldre og dessutan har eit større legevaktdistrikt.

Stel tid frå familie og fritid
To moment som Mills dreg fram, er kanskje essensen av det føregåande: Kjensle av at legevakt stel mykje av tida frå familien og fritida. Og den slitasjen som han føler, vert eit påtrengande problem for legekollektivet som utgjer vaktordninga, dersom han skulle ønska å trekka seg ut av legevakt.

Eg har høyrt mange liknande beretningar, og forstår dei og har sympati for dei. Dei kjem frå primærhelsetenesta sine slitarar og kvardagsheltar som har ytt pasientane i kommunen og legevaktdistriktet sitt enorme tenester, dag som natt som helg, over svært mange år.

Eg òg er i denne situasjonen, som mangeårig kommunelege, fastlege og legevaktlege i øykommunen Austevoll. Me er ikkje svært mange menneske, og me har slett ikkje noko fastlandssamband og må utgjera vår eiga legevaktordning.

Teamarbeid med ambulanse
Men eg føler ikkje same slitasje som Mills. Eg veit at legevaktkontaktane byr på ei spennande og uføreseieleg blanding av tilsynelatande banalitetar (hyppig), middels alvorlege og svært alvorlege (sjeldnare) ting, og at eg alltid får gode, tillitsfulle og tilmed ofte humørfylte samtalar med pasientar og pårørande. Påfyllet er med andre ord større enn slitasjen ved å ha hyppig vakt.

Det kan henda at eg er heldigare stilt enn Mills for fleire av dei ytre faktorane han har trekt fram:

Legevaktdistriktet vårt er ikkje stort, me har lang tradisjon for at legen og ambulansen rykker ut til akuttpasientane samstundes, me har oppdatert journalsystem med fullstendige opplysningar.

Nokre subjektive faktorar er kanskje annleis: Me bygger lokalt akuttmedisinsk team med sams trening sjølv om dei fleste ambulansearbeidarane har andre heimkommunar, og tradisjonen vår gjer at legen føler prestisje ved å vera aktiv i diagnostikk og tiltak heime hos den kritisk sjuke eller på ein skadestad.

Hovudpoenget: legefunksjonen
Hovudpoenget trur eg likevel ligg i korleis profesjonen vår, allmennlegestanden, og også storsamfunnet, ser på og verdset legevakt.

Eg meiner at legevakt og allmennmedisinsk akuttmedisin er eit av dei definerande domena for det å vera allmennlege. Den opphavelege grunngjevinga for kvifor det i det heile teke er trong for legefunksjonen, er at me skal vera der, og ta eit ansvar, når liv eller helse står meir eller mindre brått på spel.

Allmenlegen har og ein viktig funksjon ved rød respons.

Les hele innlegget i Dagens Medisin