Hopp til hovedinnhold


Har trengt redningshelikopter ni gonger

Etter eitt, og eitt halvt, døgn med flystopp, har Hovedredningssentralen Sør-Norge, hatt bruk for helikopter ni gonger. I dag er det åpna for flytrafikk frå Mo i Rana i Nordland til og med Banak i Lakselv i Finnmark.

Etter eitt, og eitt halvt, døgn med flystopp, har Hovedredningssentralen Sør-Norge, hatt bruk for helikopter ni gonger, skriv NRK.

Dei fire redningshelikopterne i Sør-Noreg på Rygge, Sola, Florø og Ørlandet har ikkje blitt nytta på eitt, og eitt halvt, døgn.

Likevel, har det vore situasjonar, så alvorlige, at helikoptera normalt ville blitt tekne i bruk.

I desse fem situasjonane ville Hovedredningssentralen Sør-Norge normalt brukt helikopter:

  • Ein fiskebåt med tre mann spring lekk nord av Ørlandet i Trøndelag, båten held på å søkkje.
  • Akutt hjartesjukdom ombord på eit fartøy i Nordsjøen.
  • Trafikkulukke i Surnadal.
  • Ein drivande seilbåt ved Aukra, nordvest av Ålesund.
  • Mistanke om kantra seglbåt i Trondheimsfjorden.
  • Fallulukke i Halden fredag.
  • Sjuk oljearbeidar på Njord-feltet.
  • Snekke med tre personar ombord i ferd med å synke i Sandefjorden.
  • Person med hjerteproblem på Kiel-ferja "Color Fantasy".

Redningstenesta måtte i desse situasjonane setja sin lit til ambulansar på land, og redningsskøyter og andre fartøy på sjøen.

- Heldigvis gjekk det godt i alle desse hendingane, sjølv om me ikkje hadde helikopter, seier redningsleiar Owe Frøland.


Les meir om saka på NRK